Giovanni Lorenzo Bernini | dei store skulpturoppdraga

Dei store skulpturoppdraga

Giovanni Lorenzo Bernini – Den heilage Teresas ekstase (1647–52)
Giovanni Lorenzo Bernini – Salige Ludovica Albertoni (1671–1674). San Francesco a Ripa i Roma.

Frå kardinal Borghese fekk Bernini bestilling på fire skulpturgrupper til villaen hans på Kvirinalhøgda. Den fyrste, Aeneas, Anchises og Ascanius (1618–19), skildrar Aeneas som på skuldrene sine ber den gamle blinde faren sin, Anchises, vekk frå det brennande Troja. Jamsides Aeneas går sonen hans, Ascanius, og ber den heilage elden. I skulpturen ser ein påverknaden frå manierismen, særskilt i den spiralforma komposisjonen og dei uproporsjonalt lange armane og føtene.

Med den andra skulpturgruppa, Pluto og Proserpina (1621–22), framstiller Bernini Plutos dramatiske bortføring av Proserpina. Den fortvila Proserpina prøver forgjeves å fri seg or Plutos faste grep. Truleg var Bernini her inspirert av Giambologna sin skulptur Røvinga av sabinekvinnene frå 1580-talet.

Apollon og Dafne (1622–25) viser påverknad frå antikk skulptur, særleg frå Apollo di Belvedere, ein romersk kopi av ein gresk bronseskulptur frå cirka 320 f.Kr. Bernini viser i denne skulpturen sin tekniske virtuositet, og si evne til å meisle og slipe kvit marmor om til ein skapning med kroppshol, hår og draperingar. Bernini har fanga augneblinken då den vakre nymfa Dafne, jaga av den amorøse Apollon, vert omvandla til eit laurbladtre.

Den siste av bestillingane til kardinal Borghese, David (1623–24), viser den unge kong David som med djervskap og energi gjer slynga klar framfor møtet med den filisteiske risen Goliat. Med samanpressa lepper gjer David seg klar til strid.

Under pavetida til Urban VIII (1623–44) var Bernini den mest bestilte kunstnaren i Roma. Saman med assistentane og elevane sine fullførte han ei stor mengde oppdrag i Peterskyrkja, mellom anna den 30 meter høge baldakinen rundt høgalteret.

I juli 1650 fekk Bernini i oppdrag å lage ei byste som skulle forestille hertugen av Modena, Francesco I d'Este. Trass i at Bernini aldri trefte hertugen, men einast hadde eit måla portrett som grunnlag for bysta, lukkast han å mane fram nærværet av ein heil gestalt, sjølv om bysta berre består av hovud og armlause skuldrer.[2] Særskilt vellukka er den dramatiske utforminga av draperinga og hertugen sine hårlokkar.

Den heilage Teresas ekstase (1647–52) i Cornaro-kapellet i kyrkja Santa Maria della Vittoria på Kvirinalhøgda vert rekna for å vere Berninis skulpturelle meisterverk. Skulpturen førestiller den spanske karmelitthelgenen Teresa av Ávila i meditativ ekstase. Ein engel skal nett ta til å gjennombore hjartet hennar med den guddomelege kjærleikens pil. I Cornaro-kapellet fører Bernini skulptur, arkitektur, freskomåleri og stukkatur saman i ein vakkert tilmåta heilskap.

På sine eldre dagar laga Bernini skulpturen Salige Ludovica Albertoni (1671–74), plassert i kyrkja San Francesco a Ripa i Trastevere.

Other Languages
беларуская (тарашкевіца)‎: Джаваньні Лярэнца Бэрніні
Bahasa Indonesia: Gian Lorenzo Bernini
Livvinkarjala: Gian Lorenzo Bernini
oʻzbekcha/ўзбекча: Bernini Jovanni Lorenso
Simple English: Gian Lorenzo Bernini
slovenščina: Gian Lorenzo Bernini
srpskohrvatski / српскохрватски: Gian Lorenzo Bernini
українська: Лоренцо Берніні
Tiếng Việt: Gian Lorenzo Bernini