Zodiakallys

Zodiakallyset på austhimmelen i grålysinga. Planeten Venus og den opne gruppa M44 er òg synlege på dette biletet.

Zodiakalyset er ei svak, nesten trekanta lyskjegle på nattehimmelen som dukkar opp nær sola langs ekliptikken eller zodiakalen ( Dyrekrinsen). På midtre og nordlege breiddegrader, er zodikallyset best synleg på vesthimmelen om våren etter at skumringa er over, eller på austhimmelen om hausten like før daggry. I tropane er zodiakallyset synleg året rundt.

Lyset kjem av sollys reflektert av interplanetarisk støv i ekliptikkplanet eller zodiaken. Zodiakallyset er så svakt at det vert heilt tilslørt av månelys eller lysforureining. Zodiakallyset minkar i intensitet med avstanden frå sola, men på særs mørke netter er det blitt observert i eit band langs heile ekliptikken. Faktisk utgjer zodiakallyset 60 % av himmellyset på ein månelaus natt. Det finst òg eit særs svakt ovalt lys midt imot sola kalla gegenschein.

Fenomenet vart først utforska av astronomen Giovanni Domenico Cassini i 1683 og først forklart av Nicolas Fatio de Duillier i 1684.

Other Languages
svenska: Zodiakalljus
Afrikaans: Sodiaklig
العربية: ضوء بروجي
català: Llum zodiacal
Deutsch: Zodiakallicht
Ελληνικά: Ζωδιακό φως
español: Luz zodiacal
galego: Luz zodiacal
한국어: 황도광
italiano: Luce zodiacale
Lëtzebuergesch: Zodiakalliicht
lietuvių: Zodiako šviesa
മലയാളം: രാശിപ്രഭ
Nederlands: Zodiakaal licht
日本語: 黄道光
Piemontèis: Lus zodiacal
português: Luz zodiacal
slovenčina: Protisvit
slovenščina: Zodiakalna svetloba
srpskohrvatski / српскохрватски: Zodijačka svjetlost
Tiếng Việt: Ánh sáng hoàng đạo
中文: 黃道光