Yellow Submarine

«Yellow Submarine»
Singel av The Beatles
frå albumet Revolver
A-side«Eleanor Rigby»
Utgjeve5. august 1966
InnspeltAbbey Road
26. mai og 1. juni 1966
SjangerRock
Lengd2:38
SelskapParlophone (UK)
Capitol (USA)
Låtskrivar(ar)Lennon/McCartney
ProdusentGeorge Martin
The Beatles-kronologi
«Paperback Writer»
(1965)
«Yellow Submarine»«Strawberry Fields Forever» / «Penny Lane»
(1966)


«Yellow Submarine» er ein song frå 1966 av The Beatles, tilskriven Lennon/McCartney, men skriven av Paul McCartney. Songen vart gjeve ut på albumet Revolver og vart tittelsongen til filmen med same namn i 1968. Yellow Submarine er òg namnet på filmmusikken frå filmen, som er ein del av musikkatalogen til The Beatles.

Songen vart betre motteken i Storbritannia og Europa enn i USA. Singelen gjekk til topps både i heimlandet og i Noreg (11 veker, sju veker på førsteplassen av VG-lista) og vann ein Ivor Novello Award for høgaste salstal for singlar i Storbritannia for 1966.

Other Languages