Windwardøyane

Windward Islands eller Windwardøyane (tyder «øyane i lovart») er dei sørlege øyane i Dei små Antillane innanfor Vestindia.

Namn og geografi

Øyane har fått namnet Windward frodi dei ligg i lovart eller på vindsida for seglskipa som kom til Den nye verda i forhold til Leewardøyane («leside-øyane»), sidan passatvindane i Vestindia bles frå aust til vest. Dei transatlantiske straumane og vindane som gjev den raskaste ruta over havet førte desse skipa til den grove delelinja mellom Windward- og Leewardøyane. Fartøy i den atlantiske slavehandelen som reiste frå den afrikanske Gullkysten og Guineabukta ville først nå dei søraustlegaste øyane i Dei små Antillane nårde dei reiste vest-nordvestover mot Karibia og Nord- og Mellom-Amerika. Øyrekkja dannar den austlegaste grensa for Det karibiske havet. [1] [2]

Windwardøyane er frå nord til sør:

Barbados, Trinidad og Tobago vert ikkje rekna som ein del av Windwardøyane, men vert stundom rekna med fordi dei ligg i lovart i forhold til dei andre øyane i Karibia.

Other Languages
беларуская (тарашкевіца)‎: Наветраныя астравы
Esperanto: Alventaj Insuloj
Bahasa Indonesia: Kepulauan Windward
íslenska: Kulborðseyjar
oʻzbekcha/ўзбекча: Shamolli orollar
Simple English: Windward Islands
српски / srpski: Острва приветрине
українська: Навітряні острови
中文: 向风群岛