Wilma Rudolph

Wilma Rudolph
Wilma Rudolph (1960).jpg
Fødd23. juni 1940
Clarksville
Død

12. november 1994
Brentwood

Wilma Rudolph på Commons

Wilma Glodean Rudolph (23. juni 194012. november 1994) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som i 1960 vann tre OL-gull i sprintøvingar.

Liv og gjerning

Rudolph vart fødd i Saint Bethlehem, i dag ein del av byen Clarksville i Tennessee. Ho var den tjuande av 22 sysken. Fire år gammal vart det oppdaga at ho hadde poliomyelitt. Etter mange års skade-handsaming kunne ho elleve år gammal spele basketball med brørne.

Då ho var 15 år, fekk Rudolph eit skulestipend som gjorde det mogleg for henne å utvikle sine evner som sprinter. Allereie året etter kvalifiserte ho seg til OL-troppen til sommarleikane i Melbourne. Ho fekk høve til å springe tredjeetappen for USA, eit løp som enda med at Australia vann gull på verdsrekordtida 44,5, framom Storbritannia på sølvplass og USA på bronseplass, høvesvis to og fire tidels sekund bakom gullvinnarane.

Etter å ha sett ei jente til verda i 1958, markerte Rudolph seg som verdas beste kvinnelege sprinter i 1960. Ho forbetra verdsrekorden på 200 meter med tre tidels sekund til 22,9 sekundar, og med 11,3 tangerte ho 100-metersrekorden til Shirley Strickland og Vera Krepkina.

Wilma Rudolph vinn 100 meter under Sommar-OL 1960 i Roma

Under dei olympiske leikane 1960 i Roma sigra Rudolph i alle tre øvingane ho deltok i. Den 2. september vann ho 100 meter på fabelaktige 11,0, men med for sterk medvind til at tida kunne godkjennast som verdsrekord. Dei to andre medaljevinnarane fekk sluttider på 11,3. Tre dagar seinare tok ho si andre gullmedalje då ho i motvind sprang inn til vinnartida 24,0, Jutta Heine fekk sølvet med sine 24,4. Rudolph avslutta gullrusjet med å springe USA inn til gull på 4 x 100 m stafett. Saman med dei andre på laget; Martha Hudson, Lucinda Williams og Barbara Jones hadde ho i forsøksløpet sett verdsrkord med 44,4 sekundar.

Den 19. august 1961 sette Rudolph ny verdsrekord på 100 meter med tida 11,2, under eit stemne i Stuttgart. Same året gifta ho seg, og la opp vinteren 1963.

Rudolph arbeidde sidan som lærar, idrettstrenar og sportskommentator. Ho døydde av kreft i Brentwood i Tennessee.

Other Languages
svenska: Wilma Rudolph
العربية: فيلما رودولف
asturianu: Wilma Rudolph
català: Wilma Rudolph
Deutsch: Wilma Rudolph
English: Wilma Rudolph
español: Wilma Rudolph
euskara: Wilma Rudolph
français: Wilma Rudolph
한국어: 윌머 루돌프
hrvatski: Wilma Rudolph
italiano: Wilma Rudolph
latviešu: Vilma Rūdolfa
Malagasy: Wilma Rudolph
Nederlands: Wilma Rudolph
português: Wilma Rudolph
română: Wilma Rudolph
Simple English: Wilma Rudolph
slovenščina: Wilma Rudolph
српски / srpski: Вилма Рудолф
Türkçe: Wilma Rudolph
українська: Вілма Рудолф
Winaray: Wilma Rudolph