We Will Rock You

We Will Rock You
Singel av Queen
frå albumet News of the World
A-sideWe Are the Champions
SpråkEngelsk
Utgjeve7. oktober 1977
SjangerArenarock[1]
Lengd2:02
SelskapEMI; Elektra
Låtskrivar(ar)Brian May
ProdusentQueen, Mike Stone
Queen-kronologi
Long Away
(1977)
We Will Rock YouSpread Your Wings
(1978)


«We Will Rock You» er ein song framført av Queen og skriven av Brian May. Han er opningssporet på plata News of the World frå 1977. Dette året blei «We Will Rock You» gjeven ut saman med «We Are the Champions» som singel, og nådde topplistene fleire stader i verda.[2]Songen har ein enkel tramp- og klapperytme som saman med refrenget («We will, we will rock you») er særs kjend. Bortsett frå dei siste 30 sekunda der May speler ein gitarsolo, er songen gjerne framført acappella, med tramping og klapping som akkompagnement.

«We Will Rock You» er blitt spelt inn, remiksa, sampla, parodiert og brukt i ei rekkje samanhengar, som på idrettsarrangement, fjernsyn, filmar og anna media.[3][4] Songen blei teken med i Grammy Hall of Fame i 2009,[5][6] rangert som nummer 338 i Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time i 2010,[7] og plassert som nummer 146 på Recording Industry Association of America (RIAA) si liste over Songs of the Century.

Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» blei skrivne etter ei hending under den britiske turneen til bandet i 1977.[8] Etter ein konsert på Bingley Hall i Birmingham med eit svært vokalt publikum framførte tilskodarane i med «You'll Never Walk Alone» som allsong etter at gruppa hadde gått av scena.[9] Gruppa blei einig om å gå inn for å oppmuntra publikum til å ta del i opptredenane sine for å framkalla ein liknande energi. May skreiv «We Will Rock You» neste dag.[10]


Historie

Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» vart skrivne som svar på ei hending under den britiske turneen deira i 1977.[11] Bandet hadde spelt ein konsert i Bingley Hall i Birmingham og i følgje Brian May:[12]

«...gjorde me eit ekstranummer og gjekk så av, og i staden for å berre klappe, song dei «You'll Never Walk Alone» til oss, og me vart berre heilt slått ut - det var ganske kjenslemessig, og eg trur at desse allsong-tingene er knytte til det.»

Ein versjon vart nytta som opningssporet på albumet News of the World i 1977. Denne versjonen består av ein tramp-tramp-klapp-pause-rytme, og eit mektig refreng som har blitt ein anthem. Bandet trampa og klappa sjølv i studio, om att og om att med delay-effekt, slik at det høyrtes ut som det var mange folk som deltok. Lengda på forseinkingane var primtalsforhold, ein teknikk som i dag vert kalla ikkje-harmonisk gjenklang.[13] Ei lydbandsløyfe vart nytta til å gjenta den siste frasen av gitarsoloen tre gonger, staden for at May spelte det tre gonger på innspelinga.[14]

Då songen vart framført på konsertane, følgde som regel «We Are the Champions» etter, sidan dei var meint å gå i lag.[2] Songane vert òg ofte spelt i lag på radio og på idrettsarrangement, der dei ofte vert spelte.[2] Dei var dei to siste songane Queen spelte på Live Aid i 1985.[15]

Queen spelte òg inn ein alternative versjon av «We Will Rock You» kjend som «fast version», med eit raskare tempo og der heile bandet spelar. Bandet brukte ofte denne versjonen på konsertane sine seint i 1970- og tidleg i 1980-åra, som ein kan høyre på Live Killers (1979), Queen on Fire - Live at the Bowl (2004), Queen Rock Montreal (2007), og den utvida utgåva av News of the World (2011). Det finst ein studioversjon av denne utgåva, spelt på radioprogrammet til John Peel på BBC Radio 1 i 1977.

Etter songen kom ut er han ofte å høyre på idrettsarrangement som ein «stadionanthem», mest på grunn av den enkle rytmen. Han var den mest spelte songen i 2008 og 2009 under National Football League, National Hockey League og Major League Baseball i USA.[16][17]

Medverkande

Other Languages
Alemannisch: We Will Rock You
العربية: وي ويل روك يو
български: We Will Rock You
čeština: We Will Rock You
Ελληνικά: We Will Rock You
français: We Will Rock You
한국어: We Will Rock You
עברית: We Will Rock You
ქართული: We Will Rock You
қазақша: We Will Rock You
latviešu: We Will Rock You
lietuvių: We Will Rock You
português: We Will Rock You
русский: We Will Rock You
sicilianu: We Will Rock You
Simple English: We Will Rock You
slovenčina: We Will Rock You
српски / srpski: We Will Rock You
українська: We Will Rock You
Tiếng Việt: We Will Rock You