Vercelli

Vercelli
Piazza Cavour og Torre dell’Angelo
Piazza Cavour og Torre dell’Angelo
Plassering
Vercelli is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Vercelli
Borgarmeister Andrea Corsaro
Geografi
Flatevidd
 - By

79 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2015)
   - folketettleik

46 633
  585/km²
Koordinatar 
Høgd over havet 130 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 13100
Telefon-retningsnummer 0161
Nettstad: www.comune.vercelli.it

Vercelli (Varséj på piemontesisk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Vercelli i regionen Piemonte og har om lag 46 633 innbyggjarar. Han er ein av dei eldste byane i Nord-Italia og vart i følgje dei fleste historikarar grunnlagd i år 600 fvt.

Byen ligg på Posletta mellom Milano og Torino. Han er eit viktig senter for risdyrking og er omringa av rismarker som er overfløymde om sommaren.

Det første universitetet i verda som vart drive av offentlege midlar vart grunnlagd i byen i Università del Piemonte Orientale og avdeling av Politecnico di Torino.

Historie

Vercellae (Vercelum) vart grunnlagd av den liguriske stamma Libici eller Lebecili og vart ein viktig kommune. Gaius Marius slo Cimbri og germanarane i slaget ved Vercellae, som fann stad i nærleiken i 101 fvt.

500 år seinare slakta Flavius Stilicho ned ei gruppe gotarar her. Han vart nesten jamna ruinar på Hieronymus si tid. Etter langobarane invaderte området vart han ein del av hertugdømet Ivrea. Frå 885 kom han inn under ein fyrstbiskop.

Vercelli vart ein sjølvstendig kommune i 1120 og vart medlem av det første og andre lombardiske forbundet. I 1228 vart Universitetet i Pavia flytta til Vercelli, der det vart verande fram til 1300-talet, men utan at det utprega seg særleg.

På 1200-talet kom han inn under Della Torre-familien frå Milano ( 1263), markien av Monferrato ( 1277), som peikte ut Matteo I Visconti til kaptein ( 1290- 1299). Tizzoni ( ghibellinarar) og Avogadri ( guelfarar) kjempa om byen frå 1301 til 1334, og sistnemnde vart kasta ut fleire gonger, slika t markien av Monferrato kunne ta Vercelli i 1328. Byen lét då Visconti-familien i Milano ta over styringa i 1334. I 1373 kasta biskop Giovanni Fieschi ut Visconti, men Matteo gjenerobra byen. Facino Cane ( 1402) utnytta stiriden mellom Giovanni Maria og Filippo Maria Visconti og tok Vercelli, men vart driven ut igjen av Theodore II av Montferrat ( 1404). Frå han gjekk byen vidare til hertugane av Savoie ( 1427).

I 1499 og 1553 vart byen erobra av franskmennene, og i 1616 og 1678 av spanjolane. I 1704 klarte han å stå imot ei omfattande omleiring av franskmennene, som ikkje klarte å innta festninga. Etter dette deler byen historia til Savoie.

Other Languages
norsk: Vercelli
svenska: Vercelli
dansk: Vercelli
العربية: فيرتشيلي
Bân-lâm-gú: Vercelli
беларуская: Верчэлі
български: Верчели
brezhoneg: Vercelli
català: Vercelli
čeština: Vercelli
Deutsch: Vercelli
eesti: Vercelli
Ελληνικά: Βερτσέλλι
English: Vercelli
español: Vercelli
Esperanto: Verĉelo
euskara: Vercelli
فارسی: ورچلی
føroyskt: Vercelli
français: Verceil
Gaeilge: Vercelli
galego: Vercelli
한국어: 베르첼리
Հայերեն: Վերչելի
Bahasa Indonesia: Vercelli
íslenska: Vercelli
italiano: Vercelli
Latina: Vercellae
lietuvių: Verčelis
lumbaart: Vercèj
magyar: Vercelli
Bahasa Melayu: Vercelli
Nederlands: Vercelli (stad)
Napulitano: Vercelli
occitan: Vercèlh
Papiamentu: Vercelli
Piemontèis: Vërsèj
polski: Vercelli
português: Vercelli
română: Vercelli
русский: Верчелли
sardu: Bertzeddi
Scots: Vercelli
sicilianu: Vercelli
Simple English: Vercelli
slovenščina: Vercelli
српски / srpski: Верчели
srpskohrvatski / српскохрватски: Vercelli
suomi: Vercelli
tarandíne: Vercelli
Türkçe: Vercelli
українська: Верчеллі
اردو: ویرچیلی
Tiếng Việt: Vercelli
Volapük: Vercelli
Winaray: Vercelli
中文: 韦尔切利