USA

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
[]
United States of America

(norsk: USA, amerikansk)

Det amerikanske flaggetDet amerikanske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«The Star-Spangled Banner»
Motto
E Pluribus Unum (latin: Frå mange, ein), 1776 til i dag
In God We Trust (engelsk: Me set lita vår til Gud), sidan 1956
Geografisk plassering av USA
Offisielle språkUSA har ikkje noko offisielt språk, i praksis engelsk
HovudstadWashington, D.C.
Styresett
Føderasjon
Donald Trump
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
9 826 675 km² (3.)
4,875 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
326 625 791 (3.)
33,2 /km² (145.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
4. juli 1783
Nasjonaldag4. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
17 970 000 mill. USD (2.)
59 300 USD (13.)
ValutaAmerikanske dollar (USD)
TidssoneUTC -5 til -10
Telefonkode+1
Toppnivådomene.gov .edu .mil .us


USA (engelsk: United States of America eller USA) eller Dei amerikanske Sambandsstatane er ein føderal republikk (forbundsrepublikk) som ligg i Nord-Amerika. Som adjektiv blir gjerne forkortinga US bruka, til dømes i namnet US Army, Den amerikanske hæren. Landet er det tredje mest folkerike i verda og blir rekna som den einaste gjenverande supermakta i dag.

Historie

Frå starten til sjølvstendekrigen

USA oppstod som stat da 12 små britiske koloniar på den nordamerikanske austkysten sør for Canada gjorde opprør mot det britiske styret, erklærte seg sjølvstendige og oppretta ein føderal stat med 13 delstatar. Sjølvstendeerklæringa blei vedteken den 4. juli 1776, og er berømt for innleiinga «alle menneske er fødde likeverdige», som leia vidare til grunngjevinga for opprøret: At det engelske monarkiet var blitt despotisk, og hadde mist retten til å styra over dei amerikanske koloniane. Likeverdsprinsippet og retten til ein stat som er til for å beskytte rettane til innbyggjarane var viktige amerikanske prinsipp som inspirerte resten av verda. Thomas Jefferson vert rekna som «far» til sjølvstendeerklæringa, som han forfatta saman med Benjamin Franklin.

I ettertid vart ikkje alle prinsippa i sjølvstendeerklæringa etterlevde i like stor grad, ettersom USA i åra som følgde heldt fram med å forfølgja indianarar. Det var ikkje forbode å halde slavar og kvinner hadde ikkje røysterett.

Sjølvstendeeklæringa vart følgd av ein sju år lang væpna konflikt mellom den revolusjonære amerikanske hæren og britiske styrkar. Dette var Sjølvstendekrigen, eller Den amerikanske revolusjonen. Begge nemningane blir brukte.

I 1783 godkjende Storbritannia den nye staten Flagget til USA fekk 13 striper og 13 stjerner, etter talet på delstatar (no: 50 statar, 50 stjerner). Fargane var raudt, kvitt og blått som i det britiske flagget. Dei fleste av dei 3-4 millionar kvite innbyggjarane i landet kom jo frå Storbritannia.

I 1788 vart den føderale grunnlova vedteken. Året etter vart George Washington vald til USAs fyrste president. I 1800 vann Thomas Jefferson presidentvalet mot sitjande president John Adams. Dette var fyrste gong i historia at makta over ein stat vart flytta frå eit parti til eit anna gjennom eit demokratisk val. Jefferson var demokratisk republikanar medan Adams var federalist.

Fritt land

I løpet av 1800-talet ekspanderte USA veldig, både i areal og folketal. Indianarane vart drepne eller fortrengde, store område vart tekne frå Mexico, og millionar av innvandrarar i hovudsak frå Europa folkesette landet og fylte dei nye storbyane i nord, der industrien voks fram. Den største territorielle ekspansjonen kom likevel gjennom the Louisiana Purchase, der USA kjøpte dei franske koloniane i Nord-Amerika for 60 millionar franc. Dette området var på 2,14 millionar kvadratkilometer og kjøpet skjedde i 1803. The Louisiana Purchase tilsvarer 22,3 prosent av dagens USA.

I 1830 vedtok Kongressen Indian Removal Act etter framlegg frå president Andrew Jackson. Denne lova gjekk ut på at alle indianarar aust for Mississippielva skulle tvangsflyttast vestover. Jackson argumenterte med sikkerheitspolitiske omsyn for dette tiltaket. Lova fekk sterk støtte frå kongressmedlemmar frå sørstatane, som såg dette som ein moglegheit for å legge nye landområde i vest under USA sin kontroll. Senator Theodore Frelinghuysen og kongressmedlem David Crockett var saman med fleire religiøse grupper, mellom anna Jehovas Vitner, sterke motstandarar av lova.

Indianarane valde å forfølgje lova rettsleg, og vann fram i den føderale høgsterett, men trass i det valde likevell dei aller fleste indianarane å flytte, fordi det var urå for dei å leve i fred i aust.

Borgarkrigen

Litografi av eit slag på Mississippi i 1862.

Motsetninga mellom det industrialiserande nord og det plantasjebaserte jordbruket i sør auka stadig. Det gjaldt særleg spørsmålet om toll og slaveri. Nord ville ha vernetoll mot britisk industri, eksportjordbruket i sør ville ha frihandel og billige britiske industrivarer.

Sørstatane vart dominerte av det Demokratiske partiet. Dei meinte at spørsmålet om slaveri skulle avgjerast av kvar einskild stat. Det Republikanske partiet vart skipa i 1854 og vart raskt dominerande i nord. Det ville ha eit forbod mot slaveri i den føderale grunnlova. Ved presidentvalet i 1860 vann Republikanarane for fyrste gong, og Abraham Lincoln vart president. I månadane etter presidentvalet vart det klarare og klarare at det gjekk mot borgarkrig. Ein månad før Lincoln vart innsett som president braut 11 sørstatar ut og danna Amerikas Konfødererte Statar, eller rett og slett Konføderasjonen. Dette hadde dei rett til etter Grunnlova, som sa at det var ein friviljug union, sa dei. President Lincoln godtok det ikkje, og ein månad etter at han vart innsett som president braut den amerikanske borgarkrigen ut då styrkar frå Konføderasjonen gjekk til åtak på Fort Sumter i delstaten South Carolina.

I 1863 signerte Abraham Lincoln Frigjeringserklæringa. Den erklæringa frigjorde slavane i dei områda som nordstatane, eller Unionen, erobra frå Konføderasjonen. I november same året heldt han si kjende Gettysburg Address. Dette var ein tale han heldt på slagmarka der slaget ved Gettysburg hadde stått i juli same år. Ved presidentvalet i 1864 gjekk republikanarane saman med den delen av det Demokratiske partiet som støtta borgarkrigen saman i Unionspartiet. Unionspartiet vann valet og krigen fekk halde fram. Dette var det einaste valet Unionspartiet stilte i. Demokraten Andrew Johnson vart vald til visepresident.

Den 14. april 1865 vart Abraham Lincoln skoten under ei teaterframsyning i Washington, D.C. av sørstatssympatisøren John Wilkes Booth. På dette tidspunktet var utfallet av krigen allereie avgjort, og Lincoln vart ein martyr for frigjeringskampen for slavane. I desember same år vart òg eit forbod mot slaveri lagt til den føderale grunnlova.

Den amerikanske borgarkrigen gjaldt mange ting. I botnen låg dei økonomiske motsetnadene mellom nord og sør og det moralske aspektet ved slaveri. Desse motsetnadene vart forsterka av at økonomien i dei sørlege statane var baserte på slaveri medan motstanden mot dette var sterk i nordstatane.

Gjenoppbygging og industrialisering

Borgarkrigen var USA si største krise nokon gong, og den mest blodige krigen dei har vore med i, med minst 600.000 døde. Etter at sørstatane var blitt haldne tilbake i unionen med vald, heldt USA sin ekspansjon fram vestover og frå vestkysten og innover, til dei siste frie indianarane var drepne eller plasserte i småe «reservat».

Etter at konføderasjonen hadde lidd nederlag i borgarkrigen vart Ku Klux Klan danna. Dette var ein organisasjon som terroriserte firgjorde slavar i sør. Andrew Johnson, som vart president etter drapet på Abraham Lincoln makta ikkje å hamle opp med klanen og vart slått i presidentvalet i 1868 av borgarkrigshelten Ulysses Grant. Grant sat føderale styrkar inn mot Ku Klux Klan og klarte å marginalisere dei.

Den industrielle revolusjonen gjekk på høggir siste halvdel av 1800-talet. Dette førte til urbanisering, økonomisk vekst og teknologiske framsteg. Perioden var og prega av tilnærma fråvær av offentlege reguleringar av næringslivet og industrien. Som følgje av dette klarte industriallistar som John D. Rockefeller og Andrew Carnegie å bygge formuene sine. Desse vert i dag rekna for å vere dei to personane i verdshistoria som har hatt størst, dokumenterbare, formuar. Rockefeller tente mesteparten av si formue på olje gjennom oljeselskapet Standard Oil. Olje vart i denne perioden ei viktig energikjelde for ein hurtig veksande økonomi. Carnegie tente mesteparten av si formue på stålindustrien gjennom Carnegie Steel, som seinare vart fusjonert med US Steel.

Supermakt, fyrste verdskrigen og depresjonen

Rundt hundreårsskiftet ekspanderte USA vidare, ved å skaffe seg kontroll over tidlegare spanske koloniar som Cuba og Filippinane. Heile Latin-Amerika blei sett på som USA sitt « interesseområde», og USA har sidan gjort ei mengd militære intervensjonar og andre meir indirekte innblandingar i Latin-Amerika. Masseinnvandringa til landet heldt fram til første verdskrigen tok til, men etter den blei det innført strenge kvotar for å hindre vidare innvandring av uønskte folkegrupper som jødar og italienarar. Heile tida sidan starten var den økonomisk, kulturelt og politisk dominerande gruppa i USA dei såkalla WASPane, White Anglo-Saxon Protestants, altså protestantar med britisk opphav. Alle US-amerikanske presidentar til dato har vore menn med slikt opphav, unnateke John F. Kennedy, som var av irsk-katolsk opphav.

Første verdskrigen førte til auka makt for USA. Landet var berre med siste året, og kom ut av krigen som kreditor-nasjon. Alle skulda dei pengar, både dei allierte og etter krigen også dei slegne. Verda sitt finansielle sentrum skifta frå London sitt indre «City» til New York. 1920-talet var ei tid med god økonomisk utvikling i USA, men dette tok ei brå vending i 1929. Eit krakk på New York-børsen førte til at både privatpersonar og finansinstitusjonar tapte store pengar. Ein reknar med at om lag 1/3 av pengemengda i USA sin økonomi forsvann i starten av depresjonen.

Som følgje av kapitaltørka trekte finansinstitusjonar i USA attende låna dei hadde gjeve til europeiske land i gjenoppbyggingsfasen etter 1. verdskrigen. Dette førte til at kapitaltørka spreidde seg til Europa, og ein verdsomspennande depresjon var eit faktum. Eit av landa som vart hardt råka var Tyskland. Depresjonen var ei ulukke for middelklassa som etter børskrakket støtta opp om nazismen og Adolf Hitler.

USA sjølv var og hardt råka av den økonomiske krisa. I tillegg til den økonomiske krisa og arbeidsløysa kom ei økologisk krise: Mange bønder vart råka av «The Dust Bowl», da matjorda bles vekk etter altfor hard utnytting. Støvstormar var eit vanleg syn på landsbygda i USA under depresjonen.

Sitjande president Herbert Hoover (R) tapte presidentvalet i 1932 for demokraten Franklin Delano Roosevelt. Roosevelt lanserte eit program mot depresjonen som han kalla for New Deal. Dette var eit todelt program der den eine delen gjekk ut på å få hjula i økonomien i gang igjen. Den andre delen gjekk ut på å yte støtte til folk som mista livsgrunnlaget på grunn av depresjonen.

New Deal var inspirert av den britiske økonomen John Meynard Keynes sine teoriar om ein blandingsøkonomi. Verkemidla for å få fart på økonomien igjen gjekk ut på at staten skulle ta ein langt meir aktiv del i økonomien enn tidlegare. Ein sentral del av New Deal var Work Progress Administration. Det var eit program som vart sett i gang for å investere i vegar, demningar og offentlege bygg, der arbeidsledige fekk jobbe deltid mot det som vart rekna for å vere normal timeløn i området. Det blei også sett i gang landbruksreformer, som m.a. gjekk ut på å betale bønder for å redusere arealet dei dreiv på for å få opp prisane på landbruksvarer slik at lønnsemda i landbruket skulle auke.

I tillegg vart Social Security skipa som var ei ordning som skulle gje økonomiske ytingar til alderspensjonistar og arbeidslause.

Roosevelt sine støttespelarar fekk namnet New Deal-koallisjonen. Den bestod i hovudsak av politikarar frå Demokratane, fagforeiningsfolk, bønder, intellektuelle og etniske og religiøse minoritetar. Denne koalisjonen hadde makta i USA fram til Richard Nixon blei vald til president i 1968.

Den 7. desember 1941 blei den amerikanske flåtebasen på Hawaii angripen av japanske bombefly, og USA kom med i den andre verdskrigen.

Frå andre verdskrigen til no

Den amerikanske ambassaden i Oslo, Noreg. Grunna terrorfrykt har det i seinare år vore gjort omfattande sikringsarbeid.

USA bar hovudbøra i andre verdskrigen sin asiatiske del, i kampen mot den japanske imperialismen. I Europa var krigen mot Hitler-Tyskland langt på veg avgjord av Sovjetunionen da nordamerikanske, britiske og andre allierte styrkar landa i Normandie sommaren 1944. Men USA si økonomiske og militære makt medverka til at det sovjetiske maktområdet ikkje breidde seg enda lenger vestover i Europa etter krigen.

Men samtidig som USA i hovudsak støtta demokratiet i Vest-Europa, heldt dei fram med å støtte undertrykkjande og korrupte regime i andre verdsdelar, og mange av USA sine delstatar hadde eit valdeleg og diskriminerande åtskiljingssystem ( segregation, apartheid) som i praksis stel grunnleggjande menneskerettar frå afroamerikanarane. Under den kalde krigen blei òg den politiske fridommen i landet innskrenka, gjennom ein hysterisk kampanje mot alt venstreorientert, som blei kalla «kommunistisk». Særleg 1950-åra var prega av slik « mccarthyisme», etter senator Joseph McCarthy som leidde denne heksejakta.

Afroamerikanarane måtte føre ein langvarig og hard kamp for å få slutt på den opne diskrimineringa i landet. Ein av dei fremste leiarane deira var Martin Luther King jr. Ikkje før midt på 1960-talet hadde nye føderale lover sørgd for at diskriminering og formell åtskiljing blei ulovleg. Men fattigdomsproblemet er framleis stort blant afroamerikanarane, relativt mykje større enn for den kvite befolkninga, og fleire tilfelle av rasistisk politivald er blitt avslørt dei seinare åra.

Etter den kalde krigen er USA den einaste militære supermakta i verda. Men økonomisk er bildet meir tvitydig, for landet har konstant store underskot på handelsbalansen og statsbudsjettet, og dei sosiale skilnadene mellom fattige og rike blir stadig større. Store grupper lønnstakarar har hatt reallønnsnedgang dei siste åra, og ein ny kategori fattige i USA har fått namnet «working poor». USA sin status som supermakt kjem også under press frå utvidinga av EU; økonomisk framdrift i slike land som Russland, Kina og India; og tap av politisk prestisje etter negative reaksjonar til USA sin utanrikspolitikk dei siste åra.

Other Languages
norsk: USA
svenska: USA
dansk: USA
Alemannisch: USA
አማርኛ: አሜሪካ
aragonés: Estatos Unitos
arpetan: Ètats-Unis
Aymar aru: Istadus Unidus
Bahasa Banjar: Amirika Serikat
Bân-lâm-gú: Bí-kok
Basa Banyumasan: Amerika Serikat
беларуская (тарашкевіца)‎: Злучаныя Штаты Амэрыкі
भोजपुरी: अमेरिका
Bikol Central: Estados Unidos
Chavacano de Zamboanga: Estados Unidos de America
Chi-Chewa: United States
chiTumbuka: United States
Deitsch: Amerikaa
ދިވެހިބަސް: އެމެރިކާ
emiliàn e rumagnòl: Stat Unî
English: United States
español: Estados Unidos
Esperanto: Usono
estremeñu: Estaus Uníus
eʋegbe: United States
Fiji Hindi: United States
føroyskt: USA
français: États-Unis
贛語: 美國
Gĩkũyũ: United States
𐌲𐌿𐍄𐌹𐍃𐌺: 𐌰𐌼𐌰𐌹𐍂𐌹𐌺𐌰
गोंयची कोंकणी / Gõychi Konknni: अमेरिकेचीं संयुक्त राज्यां
客家語/Hak-kâ-ngî: Mî-koet
한국어: 미국
Ido: Usa
বিষ্ণুপ্রিয়া মণিপুরী: তিলপারাষ্ট্র
Bahasa Indonesia: Amerika Serikat
ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ/inuktitut: ᐊᒥᐊᓕᑲ
isiZulu: IMelika
íslenska: Bandaríkin
kalaallisut: Naalagaaffeqatigiit
Kapampangan: Estados Unidos
kernowek: Statys Unys
Kiswahili: Marekani
Kreyòl ayisyen: Etazini
Livvinkarjala: Amerikan Yhtysvallat
la .lojban.: mergu'e
Luganda: Amerika
Malagasy: Etazonia
مصرى: امريكا
Bahasa Melayu: Amerika Syarikat
Baso Minangkabau: Amerika Sarikat
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Mī-guók
Dorerin Naoero: Eben Merika
Na Vosa Vakaviti: United States
Nederlands: Verenigde Staten
Nēhiyawēwin / ᓀᐦᐃᔭᐍᐏᐣ: ᑭᐦᒋ ᒨᐦᑯᒫᓇᐢᑭᕀ
Norfuk / Pitkern: Yunitid Staits
oʻzbekcha/ўзбекча: Amerika Qoʻshma Shtatlari
Pangasinan: Estados Unidos
پنجابی: امریکہ
ភាសាខ្មែរ: សហរដ្ឋអាមេរិក
Tok Pisin: Ol Yunaitet Stet
Plattdüütsch: USA
português: Estados Unidos
reo tahiti: Fenua Marite
rumantsch: Stadis Unids
Sesotho sa Leboa: United States of America
Setswana: USA
sicilianu: Stati Uniti
Simple English: United States
slovenčina: Spojené štáty
словѣньскъ / ⰔⰎⰑⰂⰡⰐⰠⰔⰍⰟ: Амєрїканьскꙑ Ѥдьнѥнꙑ Дрьжавꙑ
Sranantongo: Kondre Makandrameki
srpskohrvatski / српскохрватски: Sjedinjene Američke Države
Basa Sunda: Amérika Sarikat
ไทย: สหรัฐ
Tsetsêhestâhese: United States
Twi: USA
Thuɔŋjäŋ: Pawuut Matiic
Vahcuengh: Meijgoz
Tiếng Việt: Hoa Kỳ
Volapük: Lamerikän
文言: 美國
吴语: 美国
Xitsonga: Amerikha
粵語: 美國
žemaitėška: JAV
中文: 美国
Bahasa Hulontalo: Amerika Serikat
Kabɩyɛ: Etaazuunii
Lingua Franca Nova: Statos Unida de America