Tsar-bomba

Kopi av Tsar-bomba

Tsar-bomba (russisk: Царь-бомба) var ei sovjetisk prøvesprenging av ei hydrogenbombe. Ho vart detonert på Novaja Zemlja i Sovjetunionen 30. oktober 1961. Bomba har vorte estimert til rundt 50 megatonn[1][2] og er den desidert største sprengladinga som nokon gong er vorte detonert.

Bomba vart detonert i ei høgd på 4 000 meter og gav eit lysglimt som var synleg i ein omkrins på 2 000 kilometer. Eldkula utvikla seg til å verte 4,6 kilometer brei i løpet av få sekund og resulterte i at menneske i ein omkrins på 100 kilometer på bakkenivå fekk 3. grads forbrenning. I ein omkrins på 1 000 kilometer gjorde trykkbølgja skadar på vegetasjon og bygningar. Atomsoppen steig 64 km til vers før han forsvann.

Sjølve bomba vog 27 tonn og var 8 meter lang og 2 meter brei. Modellen var eigentleg ei atombombe på 100 megatonn etter visjon frå den sovjetiske presidenten Nikita Khrusjtsjov. Denne vart aldri detonert og i staden redusert til 50 megatonn før ho vart detonert.

  • kjelder

Kjelder

  1. «Tsar Bomba - The King of Bombs». Atomic Forum. Henta 15. august 2008. 
  2. «The Tsar Bomba ("King of Bombs")». www.nuclearweaponarchive.org. Henta 15. august 2008. 

Other Languages
norsk: Tsar Bomba
svenska: Tsarbomben
dansk: Tsar Bomba
Afrikaans: Tsaar Bomba
العربية: قنبلة القيصر
asturianu: Bomba del Zar
azərbaycanca: Çar Bombası
беларуская: Цар-бомба
български: Цар Бомба
brezhoneg: Tsar Bomba
català: Bomba Tsar
čeština: Car-bomba
Deutsch: AN602
English: Tsar Bomba
español: Bomba del Zar
Esperanto: Caro-bombo
euskara: Tsar Bomba
فارسی: بمب تزار
français: Tsar Bomba
한국어: 차르 봄바
हिन्दी: जार बम
hrvatski: Car bomba
Bahasa Indonesia: Tsar Bomba
italiano: Bomba Zar
עברית: פצצת הצאר
ქართული: ცარ-ბომბა
Lëtzebuergesch: Zar-Bomm
lietuvių: Ivanas (bomba)
magyar: Cár-bomba
മലയാളം: സാർ ബോംബ
Bahasa Melayu: Tsar Bomba
Nederlands: Tsar Bomba
polski: Car-bomba
português: Tsar Bomba
română: Bomba țarului
русский: Царь-бомба
Simple English: Tsar Bomba
slovenčina: Cár bomba
slovenščina: Carska bomba
српски / srpski: Car-bomba
srpskohrvatski / српскохрватски: Car bomba
suomi: Tsar-Bomba
Türkçe: Çar Bombası
українська: Цар-бомба
Tiếng Việt: Tsar Bomba
中文: 沙皇炸彈