Tjukk l

IPA-teiknɽ
IPA-nummer125
Entitet (desimal)ɽ
Unicode (hex)U+027D
X-SAMPA

r`

Kirschenbaum*.
Lydeksempel 

Tjukk l eller retrofleks flapp er ein språklyd som mellom anna finst i norske dialektarAustlandet, Trøndelag, på Helgeland og opp til Nord-Salten og enkelte andre stader. Lyden blir danna ved at ein krøller tunga litt bakover og rettar henne ut igjen. På vegen framover slår tungespissen over den fremre delen av ganen. (eksempel: njeet)

I IPA skriv ein lyden som [ɽ]. I norsk lydskrift skriv ein gjerne lyden med teiknet ł̣. I norsk har tjukk l oppstått av norrøn l (sól) eller (garð). I ytterområda for tjukk l finn ein /suːɽ/ og /ɡɑːɾ/.

Forekomst av tjukk l

Tjukk l kan både bli brukt for gamalnorsk l i ord som dal, sol, blod og Ola, og for gamalnorsk  i ord som gard, hard, jord og ferdig. Grensene for dei to tjukk l-typene fell ikkje saman overalt, men stort sett dekkjer dei det same området. Vestnorsk har ikkje tjukk l.

Other Languages