The Wise Little Hen

The Wise Little Hen er ein Disney-film i Silly Symphonies-serien, og var den første filmen Donald Duck opptrådde i. Filmen kom ut den 9. juni 1934. Han bygger på eventyret om Den vesle raude høna, som i denne soga prøver å læra late Donald Duck og Peter Pig verdien av å jobba.

Filmen blei regissert av Wilfred Jackson og animert av Art Babbitt, Dick Huemer, Dick Lundy og Ward Kimball. Clarence Nash gav stemme til Donald Duck, Pinto Colvig til Peter Pig og engelske Florence Gill song for høna, Mrs. Hen.

  • kjelder

Kjelder

Other Languages