The Pointer Sisters

The Pointer Sisters
Pointer Sisters aangekomen op Schiphol voor optreden in Nederland de Pointer Si, Bestanddeelnr 927-4783.jpg
Bonnie, Anita og Ruth Pointer i 1974.
AliasPointers, a Pair
OpphavOakland i California, U.S.
SjangerR&B, soul, pop, dance, jazz, country, gospel, post-disco
Aktive år1969 til i dag
PlateselskapBlue Thumb Records

ABC RecordsPlanet RecordsRCA RecordsMotownSBK RecordsAtlantic Records

Nettstad[http://thepointersisters.com thepointersisters.com]
Tidlegare medlemmer
Bonnie Pointer

Issa Pointer

June Pointer (død)

The Pointer Sisters er ei USA-amerikansk R&B-gruppe frå Oakland i California, som fekk stor suksess i 1970- og 1980-åra. I ein karriere på over tre tiår spelte dei innan så varierte sjangrar som pop, disco, jazz, elektronisk musikk, bebop, blues, soul, funk, dance, country og rock. The Pointer Sisters har vunne Grammyprisen tre gonger og har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Gruppa hadde 13 hittar på den amerikanske topp 20-lista mellom 1973 og 1985.

Gruppa bestod opphavleg av systrene June og Bonnie Pointer, som byrja å spele på klubbar i 1969 som «Pointers, a Pair.» Besetninga vokste til ein trio då systera Anita Pointer vart med dei. Dei fekk platekontrakt med Atlantic Records og gav ut fleire mislykka singlar. Trioen voks til ein kvartett då systera Ruth kom med i desember 1972. Dei fekk så kontrakt med Blue Thumb Records, og spelte inn debutalbumet. Dei byrja då å få suksess og vann ein Grammy i 1975 for beste countrysong med «Fairytale» (1974). Bonnie slutta i gruppa i 1978 for å gå solo, til moderat suksess.

Gruppa fekk størt salssuksess som trio i 1980-åra med June, Ruth og Anita, og vann to Grammy-prisar for hittane «Jump (for My Love)» (1984) og «Automatic» (1984). Singlane deira som nådde topp 10 i USA var «Fire» (1979), «He's So Shy» (1980), «Slow Hand» (1981), ein remiksa versjon av «I'm So Excited» (1984) og «Neutron Dance» (1985). June Pointer, som slutta i gruppa i 2004, døydde av kreft i 2006. Ho vart erstatta av dottera til Ruth, Issa Pointer. Sidan 2009 har gruppa bestått av Anita, Ruth, Issa og barnebarnet til Ruth Sadako Pointer.