Terry Jones

Terence Graham «Terry» Parry Jones (fødd  1. februar  1942 i Colwyn Bay) er ein britisk komikar, skodespelar, regissør, forfattar og programleiar frå Wales. Han er best kjent som eit av medlemmane i Monty Python.

I Monty Python er hans mange framstillingar av gamle kvinner, såkalla «pepper-pots». særs minneverdige. Dessutan var han «Den nakne mannen som spelar orgel» som dukka opp før opningsvignetten i Flying Circus-episodane på 1970-talet.

I tillegg til å vera forfattar og skodespelar i TV-serien Monty Python's Flying Circus har han òg regissert fleire filmar, bl.a Monty Python og ridderne av det runde bord (1975), Profeten Brians liv og historie (1979), Private Services (1987) og Erik the Viking (1989).

Jones har òg skrive fleire filmmanus og bøker (bl.a Starship Titanic saman med Douglas Adams) og er òg ein ivrig forfattar av politiske artiklar.

Han har dei siste åra vore programleiar for ei rekkje TV-seriar om historie. I 2009 kom den første boka hans ut på norsk, Barbarane, eit skråblikk på romersk historie.

Kjelder

Other Languages
svenska: Terry Jones
aragonés: Terry Jones
Bân-lâm-gú: Terry Jones
български: Тери Джоунс
català: Terry Jones
čeština: Terry Jones
Cymraeg: Terry Jones
English: Terry Jones
español: Terry Jones
euskara: Terry Jones
فارسی: تری جونز
français: Terry Jones
한국어: 테리 존스
hrvatski: Terry Jones
Bahasa Indonesia: Terry Jones
italiano: Terry Jones
עברית: טרי ג'ונס
magyar: Terry Jones
македонски: Тери Џонс
Malagasy: Terry Jones
Nederlands: Terry Jones
polski: Terry Jones
português: Terry Jones
română: Terry Jones
Simple English: Terry Jones
slovenčina: Terry Jones
slovenščina: Terry Jones
српски / srpski: Тери Џоунс
srpskohrvatski / српскохрватски: Terry Jones
українська: Террі Джонс
Winaray: Terry Jones