Tømmerklave

Klave med mm-skala for presisjonsmåling og diameterklassar for skogtaksering.

Tømmerklave er ein reiskap som vert nytta til å måla diameteren på tømmer og er utforma som eit stort skyvelære. Tømmerklavar var fyrst og fremst nytta til å måla skurtømmer og slip, men dei er òg nyttige ved lafting.

To ulike tømmerklavar (den eine er skadd).
Måling av diameter med tømmerklave.
Arvidsjaurklave; eihandsklave for blinking

Tommerklavar kan ha forskjellig utforming og bruk:

  • Presisjonsklaven er ein toarma stålklave med millimeterskala på linjalen.
  • Taksasjonsklaven er ein toarma stålklave med diameterklassar (avrunda centimeterverdiar) på linjalen.
  • Kubikk-klaven er ein toarma stålklave med innprega volumtabell som i kombinasjon med skant eller måleband brukast til å måle voluminnhald i kubikkdesimeter for kappa tømmer (midtmåling).
  • Arvidsjaurklaven er ein treklave utan rørleg arm, men med krum linjal. Med denne klaven treng ein berre ei hand for å lese ein omtrentleg (avrunda) diameter, slik at den andre handa er ledig for blinkeøksa.[1]

Kommunevåpnet til Flesberg har to tømmerklavar.

Bakgrunnsstoff

Other Languages
dansk: Klup
English: Tree caliper
español: Forcípula
Lëtzebuergesch: Klupp