Symfoni nr. 25 av Mozart

Symfoni nr. 25 i G-moll, K. 183/173dB, var skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i oktober 1773,[1] kort tid etter suksessen med hans opera seria Lucio Silla. Han vart visstnok skriven ferdig den 5. oktober, berre to dagar etter at Symfoni nr. 24 var ferdig, men dette er ikkje stadfesta. Symfonien er godt kjend som opningsmusikken til Miloš Forman-filmen Amadeus.

Satsar

Symfonien er lagt ut i standard klassisk form:

  1. Allegro con brio, 4/4 i G-moll
  2. Andante, 2/4 i Ess-dur
  3. Menuett & Trio, 3/4 i G-moll, Trio i G-dur
  4. Allegro, 4/4 i G-moll