Stratigrafi

Geologiske lag i Salta i Argentina.
Lagdelte bergartar i Slemmestad i Røyken.Kjelde: Jan Ove R. Ebbestad og Elisabeth Sunding: Ekskursjonsguide 1 - Slemmestad. Slemmestad, 2000. Foto: Kjetil Lenes

Stratigrafi er læra om lag. Både i geologi og i arkeologi nyttar ein seg av stratigrafiske metodar.

Stratigrafien er den greina av geologien som forskar på lagdelinga, alderen, samansetninga, fordelinga osv. av lagdelte geologiske avleiringar. I kronostratigrafi legg ein særleg vekt på å klargjere den relative eller absolutte alder ved å studere lagrekkjer.

På grunnlag av ledefossilar, bergartar, lagdeling og mykje meir, kan avleiringane delast inn i ulike tidsavsnitt, som heiter (sortert etter minkande lengd) eon, æra, periode og epoke. Vi er til dømes i dag i eonet fanerozoikum, æraen kenozoikum («jorda si nytid»), perioden neogen og epoken holocen.

Inndeling av lagrekkja kan ein gjere på grunnlag av litologi, og inndelinga vert då kalla litostratigrafi. Restar etter organisk materiale vert studert innanfor mikropaleontologi. Dersom det er pollen eller sporar frå planter som vert undersøkt heiter det palynologi. Restar etter skal frå små planter eller dyr vert undersøkt i biostratigrafi. Seismikk viser endringar i fysiske eigenskapar i lagrekkja og gjev grunnlag for seismisk stratigrafi.

Arkeologisk bruk av stratigrafi tek sikte på å avklåre den menneskelege verksemda på staden gjennom tidene. Det er soleis dei laga menneska har etterlate seg ved sin aktivitet, dei såkalla kulturlaga, som er interessante på den staden som vert granska. Ein byggjer på at dei djupaste avleiringane er eldst, dei øvste yngst, men med den modifikasjonen at ein må take omsyn til at både kulturlaga og naturlege avleiringar kan ha vorte omrota på grunn av menneskeleg verksemd til ulike tider, til dømes graving, pløying og mykje anna, eller av naturlege prosessar som erosjon, ras og liknande. Ofte er kulturlaga ikkje mange centimetrane tjukke, og skilja mellom dei ulike laga kan vere vanskeleg å registrere i mange høve. Det kan soleis by på problem å finne fram til kva som er samanhengande horisontale lag og relevant langrekkjefølgje.

Skilnaden mellom arkeologisk og geologisk stratigrafi er soleis både at føremålet med studiet av lagdelinga er ulike, slik at definisjonen av laga må basere seg på ulike kjenneteikn, og at dei to disiplinane for det meste opererer med særs ulike tidsperspektiv.

Sjå òg

Other Languages
svenska: Stratigrafi
Afrikaans: Stratigrafie
asturianu: Estratigrafía
Bân-lâm-gú: Chân-sū-ha̍k
беларуская: Стратыграфія
беларуская (тарашкевіца)‎: Стратыграфія
български: Стратиграфия
bosanski: Stratigrafija
català: Estratigrafia
čeština: Stratigrafie
Cymraeg: Stratigraffeg
English: Stratigraphy
español: Estratigrafía
euskara: Estratigrafia
français: Stratigraphie
한국어: 층서학
हिन्दी: स्तरिकी
hrvatski: Stratigrafija
Bahasa Indonesia: Stratigrafi
íslenska: Jarðlagafræði
қазақша: Стратиграфия
lietuvių: Stratigrafija
magyar: Rétegtan
Nederlands: Stratigrafie
日本語: 層序学
Plattdüütsch: Stratigraphie (Geologie)
polski: Stratygrafia
português: Estratigrafia
română: Stratigrafie
русский: Стратиграфия
Simple English: Stratigraphy
slovenčina: Stratigrafia
slovenščina: Stratigrafija
српски / srpski: Стратиграфија
srpskohrvatski / српскохрватски: Stratigrafija
Tagalog: Stratigrapiya
Türkçe: Stratigrafi
українська: Стратиграфія
Tiếng Việt: Địa tầng học
中文: 地层学