Stjernedøgn

På ein prograd planet som jorda er det sideriske døgnet kortare enn soldøgnet. Ved tid 1 er sola og ei kjent stjerne begge rett opp. Ved tid 2 har planeten rotert 360° og den fjerne stjerna er rett opp igjen (1→2 = eit siderisk døgn). Men det er ikkje til litt seinare, ved tid 3, at sola igjen er rett opp (1→3 = eit soldøgn)

Eit siderisk døgn er tida der tar jorda å rotere 360°, eller meir presist den tida det tar ei typisk stjerne å gjere to etterfylgjande øvre meridianpassasjar. Dette er litt mindre enn eit soldøgn. Det er 366,2422 sideriske døgn i eit tropisk år, men 365,2422 soldøgn. Dette gir eit siderisk døgn på 86 164,09 sekund (eller: 23 timar, 56 minutt og 4,09 sekund).

Grunnen til at det er eit døgn meir sideriske enn «normale» døgn er at banen til jorda gjer at vi mistar eit døgn, med andre ord, ein person på jorda opplever 365 1/4 dagar sjølv om planeten sjølv roterte 366 1/4 gonger (jorda roterer same veg som ho går rundt sola sett ovanfrå, mot klokka).

I siderisk tid er midnatt da det første punktet til Væren kryssar den øvre meridianen.

Ein gjennomsnittleg siderisk dag er ikkje rekna etter den reelle passasjen, men frå passasjen av det gjennomsnittlege vårjamdøgnpunktet (sjå: gjennomsnittleg sol).

  • sjå au

Sjå au

Other Languages
svenska: Stjärndygn
العربية: وقت فلكي
azərbaycanca: Ulduz vaxtı
भोजपुरी: नाक्षत्र समय
български: Звезден ден
català: Dia sideri
čeština: Hvězdný čas
English: Sidereal day
español: Tiempo sidéreo
Esperanto: Sidera tempo
français: Jour sidéral
한국어: 항성시
hrvatski: Siderički dan
Bahasa Indonesia: Waktu sideris
interlingua: Tempore sideral
íslenska: Stjörnutími
italiano: Giorno siderale
Lëtzebuergesch: Sideresch Ëmlafzäit
македонски: Ѕвездено време
Bahasa Melayu: Waktu ikut bintang
Nederlands: Siderische dag
日本語: 恒星日
occitan: Jorn sideral
português: Rotação da Terra
română: Timp sideral
Simple English: Sidereal time
slovenčina: Hviezdny čas
slovenščina: Siderski čas
српски / srpski: Звездано време
srpskohrvatski / српскохрватски: Sideričko vrijeme
suomi: Tähtiaika
Türkçe: Yıldız günü
українська: Зоряний час
中文: 恒星日