Spesifikk varmekapasitet

Spesifikk varmekapasitet, eller berre spesifikk varme (Symbol: C eller c) er eit mål på varmenergien som krevst for å heve temperaturen til eit visst stoff med ein grad. Vanlegvis er mengde spesifisert per masse, t.d. vatn har ein masse-spesifikk varmekapasitet på om lag 4184 joule per kelvin per kilogram. Volum-spesifikk og mol-spesifikk varmekapasitet vert òg brukt.

Spesifikk varme er ein intensiv eigenskap, som tyder at det er ein eigenskap av sjølve stoffet, og ikkje storleiken eller forma til prøven. Verdien av han er avhengig av den mikroskopiske strukturen til stoffet.

Den spesifikke varmen til så godt som alle stoff kan målast, inkludert reine grunnstoff, kjemiske sambindingar, legeringar, løysingar og komposittmateriale.

Tidlegare vart omgrepet òg kalla eigenvarme.

Other Languages
dansk: Varmefylde
العربية: حرارة نوعية
aragonés: Calor especifica
eesti: Erisoojus
한국어: 비열용량
la .lojban.: glanejni sroka'e
Nederlands: Soortelijke warmte
日本語: 比熱容量
oʻzbekcha/ўзбекча: Solishtirma issiqlik sigʻimi
português: Calor específico
Simple English: Specific heat
slovenščina: Specifična toplota
srpskohrvatski / српскохрватски: Specifična toplota
Türkçe: Özgül ısı
Tiếng Việt: Nhiệt dung riêng
吴语: 比热容
粵語: 比熱容量
中文: 比熱容