Spania
English: Spain

[]
Reino de España

(norsk: Spania, spansk)

Det spanske flaggetDet spanske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Marcha Real»
Motto Plus Ultra (vidare, forbi)
Geografisk plassering av Spania
Offisielle språkSpansk1
HovudstadMadrid
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Felipe VI
Pedro Sánchez
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
505 370 km² (51.)
1.04%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2004)
 – Tettleik
 
48 958 159 (28.)
43 197 684
96,9 /km² (84.)
'Sjølvstendig kongedøme'
Samla til eitt rike


1492
Nasjonaldag12. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 636 000 mill. USD (15.)
36 400 USD (35.)
ValutaEuro2
TidssoneUTC +1
Kanariøyane UTC +0
Telefonkode+34
Toppnivådomene.es

1I nokre autonome samfunnn er katalansk, baskisk og galicisk offisielle i tillegg til spansk.2Før 1999: Spanske pesetas

Kongeriket Spania eller berre Spania (spansk Reino de España eller España) er det største landet på Pyrenéhalvøya sørvest i Europa. Landet er eit konstitusjonelt monarki med hovudstad i Madrid. Det grensar mot Andorra og Frankrike i nord, Portugal i vest, og mot Gibraltar og Middelhavet i sør.

Utanfor det spanske fastlandet høyrer Kanariøyane i Atlanterhavet, Balearane (Mallorca, Menorca, Ibiza, etc.) og nokre område kalla Plazas de soberanía til landet. Desse omfattar nokre ikkje-busette øyer utanfor Marokko. Byane Ceuta og Melilla grensar til Marokko, medan Llívia er ein eksklave i Frankrike. Talet på innbyggjarar er 46 659 302 (2018).[1]

Historie

Forhistorisk tid

Tidlege innbyggjarar på den iberiske halvøya er ukjende, men kan ha inkludert baskarar. Den viktigaste kulturen frå førhistorisk tid finn ein rundt byen Tartessos. Sjøfarande fønikarar, grekarar og kartagenarar grunnla handelsbyar langs kysten til Middelhavet, som Gadir (dagens Cádiz), Emporion (Empúries) og Carthago Nova (Cartagena). Frå 800-talet f.Kr. vandra keltiske stammar inn i landet over Pyreneane.

Romartida

Romarane kom til den iberiske halvøya under den andre puniske krigen mot Kartago100-talet f.Kr. I løpet av to hundreår med krigar, nedkjempa romarane alle dei tidlegare innbyggjarane på halvøya og la det under seg som Hispania. Seinare blei Hispania delt i mindre provinsar, medan Lusitania, som svarar nokolunde til dagens Portugal, blei skilt ut. Språket, lovane og grunnleggjande kulturelle trekk i dagens Spania stammar frå denne tida.

Muslimsk tid

Då Romarriket fall blei Spania hovudsakleg teke over av visigotarar, men blei raskt erobra av muslimske maurarar frå Nord-Afrika frå 711 av. Dei la hovudstaden i landet dei kalla Al-Andalus til Córdoba og innleidde ei glanstid for kunst og vitskap. Tre små område som seinare blei til kongedøma Asturias, Navarra og Aragon heldt seg kristne. Mot slutten av den muslimske tida blei det vanskelegare å vera kristen eller jøde i Al-Andalus. Samstundes hadde dei kristne kongedøma styrkt makta si, og vann tilbake landet i det som er blitt kjent som La Reconquista, gjenerobringa. Den siste muslimske staten, Granada, blei erobra i 1492.

Spansk stormaktstid

Spania blei eitt rike då Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla sameinte rika sine i ein personalunion. Deira utvising av jødar og muslimske maurarar førte til ein økonomisk og kulturell tilbakegang. Riket skulle likevel snart få tilgang på nye rikdomar.

På 1500-talet ekspanderte Spania som kolonimakt etter at Christopher Columbus oppdaga Amerika med spansk støtte. Landet la under seg store landområde både i den nye verda og den gamle, inkludert Portugal med koloniar i ein kort periode frå 1580 til 1640. Dei store rikdomane førte til ein spansk gullalder både i moderlandet og koloniane.

Auka konkurranse frå andre europeiske land, som England og Nederland svekte det spanske imperiet. På 1800-talet frigjorde mange av dei spanske koloniane seg og Spania stod framfor ein nedgang som stormakt. Den spansk-amerikanske krigen sette ein endeleg stopp for spansk herredøme i Latin-Amerika.

Ufred

Spania blei okkupert av Napoleon tidleg på 1800-talet, men spanjolane reiste seg til ein blodig geriljamotstand. Etter frigjeringskrigen (18081814) gjekk landet igjennom ei rekkje konfliktar mellom liberalarar og rojalistar, og over arvefølgja. Landet var republikk frå 1871 til 1873 før monarkiet blei gjeninnført gjennom ein serie statskupp.

Den andre spanske republikken blei innført i 1931, men eit mislukka kuppforsøk i juli 1936 starta den spanske borgarkrigen som enda med siger for den fascistiske generalen Francisco Franco. Spania var eit diktatur fram til Franco døydde i 1975, og arvingen han sjølv hadde utpeikt, kong Juan Carlos, gradvis gav makta tilbake til folket.

Politikk

Administrativ inndeling

Spania består av 17 autonome samfunn (comunidades autónomas):

NamnHovudstadAreal (km²)Folketal (2005)
AndalucíaSevilla87 2687 850 000
AragónZaragoza47 7191 269 000
AsturiasOviedo10 6041 077 000
BalearanePalma de Mallorca4 992983 100
BaskarlandVitoria-Gasteiz7 2342 125 000
KanariøyaneSanta Cruz de Tenerife/
Las Palmas de Gran Canaria
7 4471 968 000
CantabriaSantander5 321562 300
Castilla-La ManchaToledo79 4631 895 000
Castilla y LeónValladolid94 2232 511 000
CataloniaBarcelona32 1146 995 000
ExtremaduraMérida41 6341 084 000
GaliciaSantiago de Compostela29 5742 762 000
La RiojaLogroño5 045301 100
MadridMadrid8 0285 964 000
MurciaMurcia11 3131 336 000
NavarraPamplona10 391600 000
ValenciaValencia23 2554 692 000

Klima

Klimaet i Spania skil seg frå resten av Europa. Med Atlanterhavet i vest og Middelhavet i aust og ei rekkje fjellrekkjer på kryss og tvers er klimaforholda i Spania svært kompliserte. Som i resten av Europa er vinteren den våtaste tida av året, særleg på nordkysten der det kan regne ganske kraftig. Enkelte dagar kan det komme snø på det lågareliggjande platået i sør, inkludert Madrid, medan dei nordlege områda oftare får snø. Flyttar ein seg opp i fjellrekkjene i nord kan ein få nokså mykje snø i løpet av vinteren. Dei indre områda kan få nokså kjølige forhold om vinteren, særleg i samband med vind, medan temperaturen langs kysten sjeldan går under 0 °C.

Om sommaren er det derimot motsett, og det er dei indre områda som får dei høgaste temperaturane. I dei sørlege indre områda finn ein dei høgaste temperaturane som er målt i Europa (50 °C). Kystområda har som regel temperaturar under 30 °C. Om hausten byrjar regnbyene å ta seg opp og dei austlege delane av Pyreneane og dei nordlege provinsane langs Middelhavskysten kan få kraftige byer. Dette kan innimellom føre til kortvarige intense flaumar. Men dette området kan òg ha lange periodar med tørke om hausten.

Sørover langs kysten blir det derimot meir sol, særleg langs Costa Blanca og Costa del Sol. Vinteren her er mild og sommaren varm, men sjeldan svært varm, og fukta er relativt låg. Frå hausten til våren kjem det regn om lag ein gong i veka, og når det er ikkje er regn er det ofte klårvêr. Det same gjeld for Andalucia, som har lite eller ingen skyer 100 til 150 dagar av året. Så mykje klårvêr viser seg igjen i temperaturen, og om sommaren er det vanlegvis 38 °C og høgare. Lufta kan i tillegg vere nokså fuktig, men det blir sjeldan nedbør ut av det. Fjelljkjeda Sierra Nevada kan likevel få snø om vinteren. På nordkysten av Spania har ein eit sommarklima som ikkje er ulikt det ein finn i England.

Madrid har ein normal årsnedbør på 444 mm, medan Santander på nordkysten har 1189 mm. Den sørlege Middelhavskysten har derimot berre 200-250 mm, og i perioden juni-august er normalen berre rundt 10 mm.

Kjelder

  1. «Cifras de Población a 1 de enero de 2018 Estadística de Migraciones. Año 2017 Datos» (PDF). ine.es. 25. juni 2018. Henta 8. august 2018. 

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spania
Other Languages
norsk: Spania
svenska: Spanien
dansk: Spanien
Acèh: Seupanyo
Адыгэбзэ: Эспаниэ
адыгабзэ: Испание
Afrikaans: Spanje
Akan: Spain
Alemannisch: Spanien
አማርኛ: እስፓንያ
Ænglisc: Spēonland
Аҧсшәа: Испаниа
العربية: إسبانيا
aragonés: Espanya
ܐܪܡܝܐ: ܐܣܦܢܝܐ
Արեւմտահայերէն: Սպանիա
armãneashti: Ispania
arpetan: Èspagne
asturianu: España
Avañe'ẽ: Epáña
авар: Испан
Aymar aru: Ispaña
azərbaycanca: İspaniya
تۆرکجه: ایسپانیا
Bali: Spanyol
বাংলা: স্পেন
Bân-lâm-gú: Se-pan-gâ
башҡортса: Испания
беларуская: Іспанія
беларуская (тарашкевіца)‎: Гішпанія
भोजपुरी: स्पेन
Bikol Central: Espanya
Bislama: Spain
български: Испания
Boarisch: Spanien
བོད་ཡིག: ཞི་པན་ཡ།
bosanski: Španija
brezhoneg: Spagn
буряад: Испани
català: Espanya
Чӑвашла: Испани
Cebuano: Espanya
čeština: Španělsko
Chamoru: España
Chavacano de Zamboanga: España
chiShona: Spain
chiTumbuka: Spain
corsu: Spagna
Cymraeg: Sbaen
davvisámegiella: Spánia
Deitsch: Schpaani
Deutsch: Spanien
ދިވެހިބަސް: އިސްޕެއިން
dolnoserbski: Špańska
डोटेली: स्पेन
ཇོང་ཁ: སིཔཱེན་
eesti: Hispaania
Ελληνικά: Ισπανία
emiliàn e rumagnòl: Spaggna
English: Spain
español: España
Esperanto: Hispanio
estremeñu: España
euskara: Espainia
eʋegbe: Spain
فارسی: اسپانیا
Fiji Hindi: Spain
føroyskt: Spania
français: Espagne
Frysk: Spanje
Fulfulde: Hispaanya
furlan: Spagne
Gaeilge: An Spáinn
Gagauz: İspaniya
Gàidhlig: An Spàinn
galego: España
ГӀалгӀай: ХIиспани
贛語: 西班牙
گیلکی: ائسپانيا
ગુજરાતી: સ્પેન
𐌲𐌿𐍄𐌹𐍃𐌺: 𐌷𐌴𐌹𐍃𐍀𐌰𐌽𐌾𐌰
गोंयची कोंकणी / Gõychi Konknni: स्पेन
客家語/Hak-kâ-ngî: Sî-pân-ngà
한국어: 스페인
Hausa: Hispania
Hawaiʻi: Sepania
հայերեն: Իսպանիա
हिन्दी: स्पेन
hornjoserbsce: Španiska
hrvatski: Španjolska
Igbo: Spain
Ilokano: Espania
বিষ্ণুপ্রিয়া মণিপুরী: স্পেন
Bahasa Indonesia: Spanyol
interlingua: Espania
Interlingue: Hispania
ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ/inuktitut: ᓯᐸᐃᓐ
Iñupiak: Spaña
Ирон: Испани
isiXhosa: ISpain
isiZulu: ISpeyini
íslenska: Spánn
italiano: Spagna
עברית: ספרד
Jawa: Spanya
Kabɩyɛ: Ɛsɩpaañɩ
kalaallisut: Spania
ಕನ್ನಡ: ಸ್ಪೇನ್
Kapampangan: Espanya
къарачай-малкъар: Испания
ქართული: ესპანეთი
kaszëbsczi: Szpańskô
қазақша: Испания
kernowek: Spayn
Kinyarwanda: Esipanye
Kirundi: Esipanye
Kiswahili: Hispania
коми: Испания
Kongo: Espania
Kreyòl ayisyen: Espay
kriyòl gwiyannen: Lèspangn
kurdî: Spanya
Кыргызча: Испания
Ladino: Espanya
لۊری شومالی: اْسپانیا
latgaļu: Spaneja
Latina: Hispania
latviešu: Spānija
Lëtzebuergesch: Spuenien
лезги: Испания
lietuvių: Ispanija
Ligure: Spagna
Limburgs: Spanje
lingála: Espania
Lingua Franca Nova: Espania
Livvinkarjala: Ispuanii
la .lojban.: sangu'e
lumbaart: Spagna
मैथिली: स्पेन
македонски: Шпанија
Malagasy: Espaina
മലയാളം: സ്പെയിൻ
Malti: Spanja
Māori: Pāniora
मराठी: स्पेन
მარგალური: ესპანეთი
مصرى: اسبانيا
مازِرونی: ایسپانیا
Bahasa Melayu: Sepanyol
Minangkabau: Spanyol
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Să̤-băng-ngà
Mirandés: Spanha
мокшень: Испания
монгол: Испани
မြန်မာဘာသာ: စပိန်နိုင်ငံ
Nāhuatl: Caxtillan
Dorerin Naoero: Pain
Nederlands: Spanje
Nedersaksies: Spanje
नेपाली: स्पेन
नेपाल भाषा: स्पेन
日本語: スペイン
Napulitano: Spagna
нохчийн: Испани
Nordfriisk: Spaanien
Norfuk / Pitkern: Spain
Nouormand: Espangne
Novial: Spania
occitan: Espanha
олык марий: Испаний
ଓଡ଼ିଆ: ସ୍ପେନ
Oromoo: Ispeen
oʻzbekcha/ўзбекча: Ispaniya
ਪੰਜਾਬੀ: ਸਪੇਨ
पालि: स्पेन
Pälzisch: Spanien
Pangasinan: Espanya
پنجابی: سپین
Papiamentu: Spaña
پښتو: اسپانیا
Patois: Spien
Перем Коми: Эспання
ភាសាខ្មែរ: អេស្ប៉ាញ
Picard: Espanne
Piemontèis: Spagna
Tok Pisin: Spen
Plattdüütsch: Spanien
polski: Hiszpania
Ποντιακά: Ισπανία
português: Espanha
Qaraqalpaqsha: İspaniya
qırımtatarca: İspaniya
reo tahiti: Paniora
română: Spania
romani čhib: Spaniya
rumantsch: Spagna
Runa Simi: Ispaña
русиньскый: Іспанія
русский: Испания
саха тыла: Испания
Sakizaya: Spain
Gagana Samoa: Sepa­nia
संस्कृतम्: स्पेन्
Sängö: Espânye
ᱥᱟᱱᱛᱟᱲᱤ: ᱮᱥᱯᱮᱱ
sardu: Ispagna
Scots: Spain
Seeltersk: Spanien
Sesotho: Spain
Sesotho sa Leboa: Spain
shqip: Spanja
sicilianu: Spagna
සිංහල: ස්පාඤ්ඤය
Simple English: Spain
سنڌي: اسپين
SiSwati: Sipeyini
slovenčina: Španielsko
slovenščina: Španija
словѣньскъ / ⰔⰎⰑⰂⰡⰐⰠⰔⰍⰟ: Їспанїꙗ
ślůnski: Szpańijo
Soomaaliga: Isbania
کوردی: ئیسپانیا
Sranantongo: Spanyorokondre
српски / srpski: Шпанија
srpskohrvatski / српскохрватски: Španija
Sunda: Spanyol
suomi: Espanja
Tagalog: Espanya
Taqbaylit: Spenyul
tarandíne: Spagne
татарча/tatarça: Испания
తెలుగు: స్పెయిన్
tetun: España
ትግርኛ: ስፔን
тоҷикӣ: Испания
lea faka-Tonga: Sepeni
Tsetsêhestâhese: Spain
Tshivenda: Spain
Türkçe: İspanya
Türkmençe: Ispaniýa
Twi: Spain
удмурт: Испания
українська: Іспанія
اردو: ہسپانیہ
ئۇيغۇرچە / Uyghurche: ئىسپانىيە
Vahcuengh: Sihbanhyaz
vèneto: Spagna
vepsän kel’: Ispanii
Tiếng Việt: Tây Ban Nha
Volapük: Spanyän
Võro: Hispaania
walon: Espagne
文言: 西班牙
West-Vlams: Spanje
Winaray: Espanya
Wolof: Ispaañ
吴语: 西班牙
Xitsonga: Spaniya
ייִדיש: שפאניע
Yorùbá: Spéìn
粵語: 西班牙
Zazaki: İspanya
Zeêuws: Spanje
žemaitėška: Ispanėjė
中文: 西班牙