Skiheis

Skiheis

Skiheis er eit maskinelt transportmiddel som trekk eller løfter skiløparar eller snøbrettkjørarar opp ein bakke. Den vanlegaste forma er skitrekk, der brukaren står på skia eller snøbrettet og blir trekt oppover. Meir kompliserte anlegg løfter brukaren opp frå marka i ein stol eller ei korg, som i ein taubane.

I skitrekk med bakkekontakt kan brukaren støttast av eit sete med ein vaier festa til ein stålkabel som trekk han oppover (paternostersystem). Anlegg som løfter brukaren opp kan vera kostbare og kompliserte, og gå over store høgder.

Other Languages
svenska: Skidlift
dansk: Skilift
català: Remuntador
Cymraeg: Lifft sgïo
Deutsch: Skilift
English: Ski lift
Esperanto: Skilifto
한국어: 스키 리프트
עברית: מעלית סקי
Nederlands: Skilift
português: Subida mecânica
Simple English: Ski lift
Türkçe: Teleski