Silvio Berlusconi

Silvio Berlusconi i 2005.

Silvio Berlusconi (fødd  29. september  1936) er ein italiensk politikar og mediemagnat. Han har vore statsminister i Italia tre gonger: Frå 2001 til 2006, i ein kort periode frå 1994 til 1995, og frå 5. mai 2008 til 16. november 2011.

Han er leiar for partiet Forza Italia som han grunnla sjølv då han byrja med politikk. Berlusconi eig òg ein stor del av italiensk media og har gjennom desse gode moglegheiter til å påverke italiensk opinion. Han har dessutan interesser i mange andre delar av næringslivet. På slutten av 1970-talet byrja han i mediebransjen, og i 1980 starta han den fyrste kommersielle fjernsynskanalen i landet, Canale 5, og selskapet hans, Mediaset kontrollerer tre av dei sju store fjernsynskanalane i Italia ( Italia 1, Rete 4 og Canale 5). Han er hovudaksjonær i det største forlaget i Italia, Mondadori, og eig mellom anna. fotballklubben AC Milan, forsikringsselskap og reklamebyrå. Han har vore tiltala for korrupsjon fleire gonger.

Berlusconi er fødd i Milano. Han har fem ungar frå dei to ekteskapa sine.


Other Languages
Alemannisch: Silvio Berlusconi
azərbaycanca: Silvio Berluskoni
Bân-lâm-gú: Silvio Berlusconi
беларуская (тарашкевіца)‎: Сыльвіё Бэрлюсконі
Bikol Central: Silvio Berlusconi
emiliàn e rumagnòl: Silvio Berlusconi
estremeñu: Silvio Berlusconi
Bahasa Indonesia: Silvio Berlusconi
Interlingue: Silvio Berlusconi
kaszëbsczi: Silvio Berlusconi
Lëtzebuergesch: Silvio Berlusconi
македонски: Силвио Берлускони
Bahasa Melayu: Silvio Berlusconi
Nederlands: Silvio Berlusconi
Napulitano: Silvio Berlusconi
Piemontèis: Silvio Berlusconi
Plattdüütsch: Silvio Berlusconi
português: Silvio Berlusconi
Simple English: Silvio Berlusconi
slovenčina: Silvio Berlusconi
slovenščina: Silvio Berlusconi
српски / srpski: Силвио Берлускони
srpskohrvatski / српскохрватски: Silvio Berlusconi
tarandíne: Silvie Berlusconi
Tiếng Việt: Silvio Berlusconi
粵語: 貝斯剛尼