Silke

For namnet Silke, sjå Silke (fleirtyding).
Kokongen til silkeormen.

Silke er ein naturleg proteinfiber som kjem frå kokongen til silkeormen, ein sommarfugl som lever på morbærblad. Fiberen blir brukt til å laga tynn, skinande tråd og klede. Materialet er luksuriøst og har i lang tid vore ei ettertrakta handelsvare.

Historie

Kinesisk veggteppe i silke frå Song-dynastiet, laga på 900- eller 1000-talet.

Framstillinga av silke blei utvikla i Kina, kanskje så tidleg som 6000 f.Kr og heilt sikkert 3000 f.Kr. Soger fortel at keisarinna Xi Ling Shi gjorde oppdaginga, noko som kan vera ein forklaringshistorie på at det opphavleg var keisaren som bar silkeklede. Med tida spreidde bruken seg til andre samfunnslag i Kina og til andre delar av Asia. Handel med det ettertrakta stoffet gjekk føre seg langs Silkevegen, ei rekke karavanerute mellom Kina, India, Midtausten og Europa.

Kina heldt lenge framstillingsmåten løynd, men rundt 300 f.Kr. kom kunna til Korea, og rundt 550 klarte kristne munkar å smugla levande pupper til Byzantium. Her sette ein straks i gang silkeproduksjon, men stadig som eit statsmonopol. I løpet av mellomalderen spreidde produksjonen seg til fleire land, og seinare har land som India, Italia og USA produsert mykje silke.

Under andre verdskrigen var det mangel på silke til føremål som framstilling av fallsjermar, og ein leita etter alternativ. Det førte til oppfinninga av erstatningsstoff som nylon.

Other Languages
norsk: Silke
svenska: Silke
dansk: Silke
Afrikaans: Sy
Alemannisch: Seide
Ænglisc: Sīde
العربية: حرير
অসমীয়া: ৰেচম
asturianu: Seda
azərbaycanca: İpək
تۆرکجه: ایپک
Bahasa Banjar: Lalamas
башҡортса: Ебәк
беларуская: Шоўк
български: Коприна
bosanski: Svila
brezhoneg: Seiz
català: Seda
Чӑвашла: Пурçăн
Cymraeg: Sidan
Deutsch: Seide
eesti: Siid
Ελληνικά: Μετάξι
English: Silk
español: Seda
Esperanto: Silko
euskara: Zeta (gaia)
فارسی: ابریشم
français: Soie
Gaeilge: Síoda
galego: Seda
ગુજરાતી: રેશમ
한국어: 견섬유
հայերեն: Մետաքս
हिन्दी: रेशम
hrvatski: Svila
Ido: Silko
Bahasa Indonesia: Sutra
interlingua: Seta
íslenska: Silki
italiano: Seta
עברית: משי
Basa Jawa: Sutra
ಕನ್ನಡ: ರೇಷ್ಮೆ
ქართული: აბრეშუმი
қазақша: Жібек
Kiswahili: Hariri
Kreyòl ayisyen: Swa (materyo)
Кыргызча: Жибек
Latina: Sericum
latviešu: Zīds
lietuvių: Šilkas
lumbaart: Seda
magyar: Selyem
македонски: Свила
മലയാളം: പട്ട്
मराठी: रेशीम
მარგალური: აბრეშუმი
Bahasa Melayu: Sutera
မြန်မာဘာသာ: ပိုးခြည်
Nederlands: Zijde (textiel)
日本語:
Nordfriisk: Siisen
occitan: Seda
oʻzbekcha/ўзбекча: Ipak
ਪੰਜਾਬੀ: ਰੇਸ਼ਮ
پنجابی: ریشم
polski: Jedwab
português: Seda
română: Mătase
русский: Шёлк
Scots: Soie
shqip: Mëndafshi
sicilianu: Sita
Simple English: Silk
slovenčina: Hodváb
slovenščina: Svila
کوردی: ئاوریشم
српски / srpski: Свила
srpskohrvatski / српскохрватски: Svila
Basa Sunda: Sutra
suomi: Silkki
Tagalog: Sutla
தமிழ்: பட்டு
тоҷикӣ: Абрешим
Türkçe: İpek
українська: Шовк
اردو: ریشم
Tiếng Việt: Lụa
Winaray: Sida
吴语: 丝绸
粵語:
žemaitėška: Sėlks
中文: 丝绸
Kabɩyɛ: Laʋ pɩzatʋ