Shaka Samvat

Sjaka-kalenderen (sanskrit, også kalla Shaka Samvat eller Saka Samvat) eller Salivahana-kalenderen er ei tidsrekning frå Sør-Asia som i dag har offisiell status som indisk nasjonalkalender. Ei moderne form av kalenderen har offisielt vore i bruk i India sidan 1957. [1] Kalenderen er ein av fleire hindukalendrar. [2]

Året då kalenderen byrjer tilsvarer år 78 i den vestlege (gregorianske) kalenderen. Byrjinga av året ligg i månaden tsjaitra, dagen etter vårjamdøgn. Dette tilsvarer 22. mars i den vestlege kalenderen. Eit år i kalenderen har 365 dagar, 366 ved skotår. Den første månaden (tsjaitra) har normalt 30 dagar, 31 ved skotår. Dei neste fem månadane har 31 dagar kvar, dei andre har 30. [1]

Skotår samsvarer med dei i den gregorianske kalenderen. [2]

Bruk

Kalenderen har vore i bruk på mange gamle inskripsjonar i Sør- og Søraust-Asia. [1] I dag blir han brukt av The Gazette of India, All India Radio og kalendrar og utsegner frå dei indiske styresmaktene, saman med den gregorianske kalenderen. [3]

Kalenderen er også i bruk blant hinduar på Java og Bali. Den stille dagen, nyepi, er ei balinesisk nyttårsmarkering etter denne kalenderen. Nepal bruker ein avleidd kalender, Nepal Sambat.

Other Languages
svenska: Sakakalendern
Afrikaans: Indiese kalender
অসমীয়া: শকাব্দ
asturianu: Calendariu shaka
বাংলা: শকাব্দ
беларуская (тарашкевіца)‎: Індыйскі нацыянальны каляндар
ދިވެހިބަސް: ސާކާ
galego: Shaka Samvat
한국어: 인도 국정력
Bahasa Indonesia: Kalender Saka
Basa Jawa: Pananggalan Saka
Kiswahili: Shaka Samvat
മലയാളം: ശകവർഷം
Nederlands: Indiase kalender
Simple English: Indian national calendar
srpskohrvatski / српскохрватски: Indijski nacionalni kalendar