Semantikk

Semantikk (tydingslære, frå Gresk sema, teikn, relatert med semanoia, å signalisere) er studiet av tyding uttrykt i eit teiknsystem - eit språk, ei kode eller andre representasjonar - anten det er komplekse samansetningar (setningssemantikk) eller enkle (ordsemantikk, leksikal semantikk).

I tillegg vil nokre inkludere samanhengen mellom ytringsmeining (altså meininga eit uttrykk får som ytra i ein viss talekontekst) og uttrykksmeining i semantikken, medan andre meiner dette høyrer til pragmatikken. Semantikken vert sett i forhold til syntaks, altså studiet av korleis komplekse uttrykk vert bygd opp av enklare uttrykk, og pragmatikk, som studerer korleis aktørar nyttar teikn til å handle i spesifikke samanhengar og kontekstar.

Teoretiske tilnærmingar

Sjølv om termar er ulike er det generelt godteke at eit uttrykk iallfall kan ha desse to hovudtypane av tyding:

  1. forholdet eit teikn har til objekt og objektive situasjonar, faktiske eller moglege
  2. forholdet eit teikn har til andre teikn, spesielt til dei mentale teikna ein tenkjer på som konsept

Forholdet mellom teiknet og objekt vert kalla referanse eller denotasjon (sistnemnde ord vert òg nytta om mengda av referentar, altså mengda av objekt som eit ord utpeikar). Forholdet mellom teiknet og dei teikna som praktisk hjelper til i tolking vert kalla konnotasjon, men her er det mange ulike meiningar og teoretiske nyansar. Mange teoretikarar (spesielt innan formell semantikk, pragmatikk og semiotikk) arbeider utelukkande med det denotative aspektet, medan andre (til dømes innan kognitiv semantikk konsentrerer seg om det konnotative aspektet og skil skarpt mellom mentale konsept og uttrykk.

Ulike semantiske teoriar kan òg skiljast i forhold til kva dei konsentrerer seg for av dei ulike sidene til den semiotiske trekant, som deler opp ord i uttrykk, tyding og denotasjon.

Other Languages
norsk: Semantikk
svenska: Semantik
dansk: Semantik
Afrikaans: Semantiek
Alemannisch: Semantik
asturianu: Semántica
azərbaycanca: Semantika
Bân-lâm-gú: Ì-bī-lūn
беларуская: Семантыка
беларуская (тарашкевіца)‎: Сэмантыка
български: Семантика
bosanski: Semantika
brezhoneg: Semantik
català: Semàntica
čeština: Sémantika
Cymraeg: Semanteg
Deutsch: Semantik
eesti: Semantika
Ελληνικά: Σημασιολογία
English: Semantics
Esperanto: Semantiko
euskara: Semantika
فارسی: معناشناسی
føroyskt: Merkingarfrøði
français: Sémantique
Frysk: Semantyk
Gaelg: Semantaght
galego: Semántica
한국어: 의미론
hrvatski: Semantika
Bahasa Indonesia: Semantik
interlingua: Semantica
íslenska: Merkingarfræði
italiano: Semantica
עברית: סמנטיקה
Basa Jawa: Semantik
қазақша: Семантика
Kiswahili: Semantiki
Kreyòl ayisyen: Semantik
Кыргызча: Семантика
Latina: Semantica
latviešu: Semantika
lietuvių: Semantika
la .lojban.: smuske
lumbaart: Semantega
magyar: Szemantika
македонски: Семантика
Bahasa Melayu: Semantik
Nederlands: Semantiek
日本語: 意味論
Novial: Semantike
ਪੰਜਾਬੀ: ਅਰਥ-ਵਿਗਿਆਨ
português: Semântica
română: Semantică
rumantsch: Semantica
русский: Семантика
Scots: Semanteecs
Simple English: Semantics
slovenčina: Sémantika (náuka)
slovenščina: Semantika
کوردی: واتاناسی
српски / srpski: Семантика
srpskohrvatski / српскохрватски: Semantika
Tagalog: Palasurian
татарча/tatarça: Семантика
Türkçe: Anlam bilimi
українська: Семантика
Tiếng Việt: Ngữ nghĩa học
Winaray: Semantika
粵語: 語義學
中文: 语义学
Lingua Franca Nova: Semantica