Sean Lennon

Sean Lennon i 2007.

Sean Taro Ono Lennon (fødd 9. oktober 1975 i New York i USA) er ein amerikansk musikar og komponist. Han er kjend som Sean Lennon, og var det einaste barnet til John Lennon og Yoko Ono.

Bakgrunn

Sean Lennon var det einaste barnet til Lennon og Yoko, og blei fødd på faren sin 35-årsdag. Han er halvbror til Julian Lennon og Kyoko Chan Cox. Far og son hadde eit nært forhold, og Lennon passa på sonen til han blei drepen i desember 1980. John Lennon dediserte fleire songar til Sean, blant dei mest kjende er «Beautiful Boy» frå albumet Double Fantasy.

Sjølv om han mista faren som femåring, hadde Sean Lennon elles ein priviligert oppvekst. Elton John var gudfaren hans, medan Steve Jobs gav han ein av dei første Macintosh-maskinane som gåve i 1984. Lennon gjekk i barnehage i Tokyo og var elev ved privatskulane Ethical Culture Fieldston School og Dalton School i New York og kostskulen Institut Le Rosey i Sveits. Han studerte ved Columbia University i tre semester før han slutta for å konsentrera seg om musikkarrieren sin.

Other Languages
svenska: Sean Lennon
azərbaycanca: Şon Lennon
čeština: Sean Lennon
Deutsch: Sean Lennon
English: Sean Lennon
español: Sean Lennon
Esperanto: Sean Lennon
فارسی: شان لنون
français: Sean Lennon
한국어: 숀 레논
Bahasa Indonesia: Sean Lennon
italiano: Sean Lennon
עברית: שון לנון
Nederlands: Sean Lennon
polski: Sean Lennon
português: Sean Lennon
русский: Леннон, Шон
Simple English: Sean Lennon
Türkçe: Sean Lennon
українська: Шон Леннон