Schwarzwald

Sentrale område av Schwarzwald.
Topografisk kart over Schwarzwald.

Schwarzwald ('Svartskogen') er ei skogkledd fjellkjede i Baden-Württemberg sørvest i Tyskland. Ho grensar til Rhindalen i vest og sør. Den høgaste toppen er Feldberg med ei høgd på 1 493 meter over havet.

Geografi

Geologisk består Schwarzwald av eit sandsteindekke over ei kjerne av gneis. Under den siste istida vart Schwarzwald forma av isbrear og fleire dalgryter, som Mummelsee, har sitt opphav frå denne perioden. Av elvar i Schwarzwald finn ein Donau (som har sitt utspring her), Enz, Kinzig, Murg, Neckar og Rench. Schwarzwald er ein del av det kontinentale vasskiljet mellom Atlanterhavet (Rhinen) og Svartehavet (Donau).

Administrativt høyrer Schwarzwald til følgjande landkreis:

  • I nord: Enz, Pforzheim, Rastatt og Calw
  • Sentralt: Freudenstadt, Ortenaukreis og Rottweil
  • I sør: Emmendingen, Schwarzwald-Baar, Breisgau-Hochschwarzwald, Lörrach og Waldshut.

Dielektar som vert snakka her er alemannisk og schwabisk.

Skogane består stort sett av furu og gran, og nokre av dei vert dyrka i kommersielle monokulturar. Hovudnæringa i området er deriomt turisme. På grunn av trehogst og arealbruk er skogen i dag berre ein brøkdel av det han ein gong var. I tillegg er skogen hardt råka av sur nedbør. Stormen Lothar rotvelta fleire kvadratkilometer med skog på fjelltoppane i 1999. Dermed vart mange av dei høge toppane heilt berre, og berre kratt og unge furutre er å finne der i dag.

Other Languages
svenska: Schwarzwald
Afrikaans: Swartwoud
Alemannisch: Schwarzwald
Ænglisc: Sweartweald
asturianu: Selva Prieta
azərbaycanca: Qara meşə
беларуская: Шварцвальд
беларуская (тарашкевіца)‎: Шварцвальд
български: Шварцвалд
brezhoneg: Schwarzwald
català: Selva Negra
čeština: Schwarzwald
Cymraeg: Fforest Ddu
Deutsch: Schwarzwald
Ελληνικά: Μέλας Δρυμός
English: Black Forest
español: Selva Negra
Esperanto: Nigra Arbaro
euskara: Oihan Beltza
فارسی: جنگل سیاه
français: Forêt-Noire
galego: Selva Negra
Հայերեն: Շվարցվալդ
hrvatski: Schwarzwald
Bahasa Indonesia: Hutan Hitam
íslenska: Svartiskógur
italiano: Foresta Nera
ქართული: შვარცვალდი
Kiswahili: Msitu mweusi
Latina: Nigra silva
latviešu: Švarcvalde
Lëtzebuergesch: Schwarzwald
lietuvių: Švarcvaldas
Limburgs: Zwart Woud
lumbaart: Foresta Negra
magyar: Fekete-erdő
македонски: Шварцвалд
Nederlands: Zwarte Woud
ਪੰਜਾਬੀ: ਕਾਲਾ ਜੰਗਲ
پنجابی: کالا جنگل
polski: Schwarzwald
português: Floresta Negra
русский: Шварцвальд
саха тыла: Шварцвальт
Simple English: Black Forest
slovenčina: Schwarzwald
slovenščina: Schwarzwald
српски / srpski: Шварцвалд
srpskohrvatski / српскохрватски: Schwarzwald
татарча/tatarça: Шварцвальд
Türkçe: Kara Orman
Türkmençe: Şwarswald
українська: Шварцвальд
vèneto: Foresta Nera
Tiếng Việt: Rừng Đen
中文: 黑森林