Sagkamerat

Svans med sagkammerat.

Sagkamerat var ei innretning som skulle letta arbeidet med tømmersvans. Ei spiralfjør, med ein krok i enden, vart festa til stokken som skulle fellast eller kappas. Når sagaren drog saga mot seg vart fjøra strekt. Energien lagra i fjøra vart så nytta for å hjelpa til med å dra sagbladet framover. Sagaren måtte då nytta noko større kraft for å trekkja saga til seg, men dette var lettare enn å skuva ho frå seg.

Other Languages