Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane

Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
øygruppe
Thatcher-Peninsula.jpg
Det sentrale Sør-Georgia: Cumberland Bay; Thatcher Peninsula med King Edward Cove (Grytviken); Allardyce Range med toppen Mt. Paget (bilete av NASA)
flagg
Symbol
LandSør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
StadAntarktis
 - koordinatar
HovudstadKing Edward Point (Grytviken)
Høgaste punktMount Paget
 - høgd2 934 moh
Areal3 903 km²
Folketal30 (2006)
DronningElizabeth II
 - KommissærColin Roberts
Regionskart
Regionskart
Kart av James Cook (1777, sør er opp)
Kart av James Cook (1777, sør er opp)
Wikimedia Commons: South Georgia and the South Sandwich Islands

Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane (engelsk South Georgia and the South Sandwich Islands, forkorta SGSSI) er eit britisk oversjøisk territorium sør i Atlanterhavet. Det er ei avsidesliggande og vêrhard øygruppe som består av Sør-Georgia og ei rekkje av mindre øyar kalla Sør-Sandwichøyane. Sør-Georgia er 167,4 km lang og 1,4 til 37 km brei[1] og den klårt største øya i territoriet. Sør-Sandwichøyane ligg om lag 520 km søraust for Sør-Georgia.[1] I alt dekkjer øyane 3 903 km².[2]

Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia

Det er ingen innfødde folk på øyane, men i dag bur britiske embetsfolk, postmeister, forskarar og andre frå British Antarctic Survey på øya. Dei driv forskingsstasjonar på Bird Island og hovudstaden King Edward Point, samt museumstilsette i nærliggande Grytviken. Grytviken var frå tidleg på 1900-talet base for norske kvalfangarar. Etter at kvalfangsten tok slutt, har det vore få fastbuande på øyane. Om vinteren er det berre litt over ti menneske her.

Storbritannia gjorde krav på Sør-Georgia i 1775 og Sør-Sandwichøyane i 1908. I 1908 annekterte Storbritannia både Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Territoriet «Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane» vart danna i 1985 etter å tidlegare ha vore ein del av Falkland Islands Dependencies. Argentina gjorde krav på Sør-Georgia i 1927 og på Sør-Sandwichøyane i 1938.

Argentina hadde ein marinestasjon, Corbeta Uruguay, på Thule Island i Sør-Sandwichøyane frå 1976 til 1982 då han vart stengd av den britiske marinen (Royal Navy). Det argentinske kravet på Sør-Georgia medverka til Falklandskrigen i 1982, då argentinske styrkar ei kort stund okkuperte øya. Argentina har oppretthalde kravet sitt på Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.

Other Languages
srpskohrvatski / српскохрватски: Južna Georgija i arhipelag Južni Sandwich