Ryhor Kastusiow

Ryhor Andrejevitsj Kastusiow, kviterussisk Рыгор Андрэевіч Кастусёў, russisk Grigorij Andrejevitsj Kastusiov (fødd 17. april 1957 i Tsiakhtsin i Mahiljaw-provinsen) er ein kviterussisk politikar og nestleiar i BNF-partiet. Han var kandidat ved presidentvalet i Kviterussland i 2010.

Kastusiow engasjerte seg i politikken under dei politiske omveltningane i Sovjetunionen og Kviterussland frå 1989 av. Han melde seg inn i Den kviterussiske folkefronten (BNF), som i 2005 offisielt endra namn til BNF-partiet. Han vart nestleiar i partiet i 2009. Han var kandidat ved parlamentsval i Kviterussland i 2004 og 2008 utan å bli valt inn. Ved presidentvalet i 2006 støtta han den demokratiske opposisjonen sin felles kandidat, Aljaksandr Milinkjevitsj. Ved presidentvalet 19. desember 2010 var han sjølv BNF-partiet sin kandidat. Ifølgje dei offisielle valresultata kom han på fjerde plass i valet, med 2,0 % av røystene. Valet vart ikkje rekna som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Kastusiow vart arrestert etter demonstrasjonar mot måten valet vart arrangert på same kvelden, men vart slept fri allereie dagen etter.[1] Han var den einaste kandidaten som leverte inn ein klage på valet til den sentrale valkomiteen innanfor fristen på tre dagar etter valet. Dei fleste av dei andre opposisjonskandidatane sat i denne tida fengsla.[2]

  • fotnotar

Fotnotar

  1. "Наши арестанты в Минске" frå Gazeta.ru, 21. desember 2010, på russisk
  2. Nasja Niva (nn.by), på kviterussisk
Other Languages