Rubicon

Kart over elveløpet som truleg var Rubicon

Rubicon (Rubico, på italiensk Rubicone) er eit gamalt latinsk namn på ei lita elv nord i noverande Italia. I romartida rann elva ut i Adriaterhavet mellom Ariminum og Caesena. Ein er ikkje viss på kva elv dette var, men vert rekna å ha vore den seinare Pisciatelloelva øvst og så Fiumicinoelva ned mot havet.

Elva var viktig i og med at det etter Romersk lov var forbode for ein general å kryssa elva med hæren sin frå nord.

Elva markerte grensa mellom den romerske provinsen Gallia Cisalpina i nord og det romerske kjerneområdet i sør. Lova hadde såleis som føremål å tryggja den romerske republikken mot militære trugsmål frå eigne styrkar.

Hærføraren Gaius Julius Cæsar gjekk over elva Rubicon i år 49 fvt. Hendinga skal ha funne stad den 10. januar etter romersk kalender. Cæsar forfylgde Gnaeus Pompeius Magnus med hæren sin, men braut samstundes romersk lov. Såleis var ei militær konflikt med det romerske senatet ikkje til å unngå.

I fylgje Suetonius sa Cæsar «terningen er kasta» (latin: iacta alea est) då han hadde teke avgjerda om å kryssa elva.

I ettertid har uttrykket «å gå over Rubicon» vorte ei nemning på det å ta eit avgjerande steg, eller ei risikofyld avgjerd som ikkje kan endrast.

Other Languages
norsk: Rubicon
svenska: Rubicon
dansk: Rubicon
Afrikaans: Rubicon
العربية: روبيكوني
беларуская: Рубікон
български: Рубикон
català: Rubicó
Чӑвашла: Рубикон
Cebuano: Fiume Uso
čeština: Rubikon
Cymraeg: Afon Rubicon
Deutsch: Rubikon
Ελληνικά: Ρουβίκωνας
English: Rubicon
español: Río Rubicón
Esperanto: Rubikono
euskara: Rubikon
فارسی: روبیکن
français: Rubicon
Frysk: Rubikon
한국어: 루비콘강
Հայերեն: Ռուբիկոն
hrvatski: Rubikon
Bahasa Indonesia: Rubicon
italiano: Rubicone
עברית: רוביקון
ქართული: რუბიკონი
Latina: Rubico
latviešu: Rubikona
lietuvių: Rubikonas
日本語: ルビコン川
occitan: Rubicon
polski: Rubikon
português: Rio Rubicão
română: Rubicon
русский: Рубикон
Scots: Rubicon
sicilianu: Rubbiconi
Simple English: Rubicon
slovenčina: Rubikon
slovenščina: Rubikon
српски / srpski: Рубикон
srpskohrvatski / српскохрватски: Rubikon
suomi: Rubikon
Tagalog: Rubicon
Türkçe: Rubicon
українська: Рубікон
vèneto: Rubicone
Tiếng Việt: Sông Rubicon
中文: 卢比孔河