Royal Academy of Arts

Burlington House i London

Royal Academy of Arts er ein britisk kunstinstitusjon som har sitt hovudkontor i Burlington House i bydelen Piccadilly i London i Storbritannia. Institusjonen er ein av dei leiande kva gjeld biletkunst i Storbritannia. Royal Academy er frittståande og baserer drifta på private midlar og vert leia av nokre av dei fremste målarane, bilethoggarane og arkitektane i landet. Institusjonen skal fremje skaparkrafta innan biletkunsten og stimulere interessa for kunst gjennom utstillingar, utdanning og debatt.

Royal Academy of Arts vart skipa 10. desember 1768 av den britiske kongen Georg III. Joshua Reynolds var den fyrste formannen, ein posisjon han hadde til han døydde. Han vart etterfylgd av Benjamin West, etter han kom Thomas Lawrence. Også John Everett Millais var formann ei kort tid før han døydde.

  • kjelder

Kjelder

Other Languages
беларуская (тарашкевіца)‎: Каралеўская акадэмія мастацтваў
français: Royal Academy
한국어: 왕립예술원
Bahasa Indonesia: Royal Academy of Arts
Simple English: Royal Academy