Ringo Starr

Ringo Starr
Ringo Starr (2007).jpg
Ringo Starr i 2007
Verkeleg namnRichard Starkey
AliasRingo
Fødd7. juli 1940 (78 år)
Liverpool i England
Liverpool
Instrument

Trommer, perkusjon, piano, vokal, munnspel, gitar

SjangerRock, rock and roll, pop
YrkeMusikar, låtskrivar, skodespelar
Tilknytte artistarThe Beatles, Rory Storm and the Hurricanes, Ringo Starr & His All-Starr Band, The Plastic Ono Band
PlateselskapParlophone, United Artists Records, Capitol, Apple, Swan Records, Vee-Jay, Tollie Records, MGM Records, Polydor, Atlantic, RCA, Mercury, Koch Private Music, Boardwalk Records, Rykodisc
Nettsideringostarr.com

Richard Starkey (fødd 7. juli 1940), betre kjend under artistnamnet Ringo Starr, er ein engelsk trommeslagar, songar, låtskrivar og skodespelar som vart verdskjend som trommeslagar i the Beatles. På dei fleste albuma til bandet song han solovokal på ein song, inkludert «With a Little Help from My Friends», «Yellow Submarine» og versjonen deira av «Act Naturally». Han skreiv òg Beatles-songane «Don't Pass Me By» og «Octopus's Garden», og er med som medlåtskrivar på andre, som «What Goes On» og «Flying».

Starr vart to gonger råka av livstruande sjukdommar då han var liten, og sidan han hadde lange sjukehusopphald, fall han attende på skulen. I 1955 gjekk han ut i arbeid og hadde ei kort stund ei stilling i British Rail før han vart lærling ved eit utstyrsprodusent i Liverpool. Kort tid etter vart han interessert i skiffle-bølgja i Storbritannia, og utvikla ein stor lidenskap for sjangeren. I 1957 var han med og starta det første bandet sitt, the Eddie Clayton Skiffle Group, som fekk fleire gode spelejobbar, før bølgja tok slutt då amerikansk rock and roll tok over tidleg i 1958.

Då the Beatles vart danna i 1960, var Starr medlem i eit anna Liverpool-band, Rory Storm and the Hurricanes. Etter moderat suksess med det bandet i Storbritannia og Hamburg, slutta han i the Hurricanes og vart med i the Beatles i august 1962, då han erstatta Pete Best. Starr spelte ei viktig rolle i The Beatles-filmane og var med i fleire andre filmar. Etter Beatles vart oppløyst i 1970 gav han ut fleire singlar, som hittane «It Don't Come Easy», «Photograph» og «You're Sixteen», som alle vart hittar i USA. I 1972 gav han ut den mest suksessrike singelen sin i heimlandet, «Back Off Boogaloo», som nådde andreplassen der. Han fekk både kommersiell og kritikarsuksess med albumet Ringo i 1973. Han har vore med i mange dokumentarfilmar og leia fjernsynsshow. Han var forteljarstemme på dei to første sesongane av barne-TV-serien Thomas & Friends og var «Mr Conductor» i den første sesongen av barneserien Shining Time Station. Sidan 1989 har han turnert med bandet sitt Ringo Starr & His All-Starr Band.

I 2011 kåra lesarane av Rolling Stone Starr til den femte beste trommeslagaren gjennom tidene. Starr - som alt var innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Beatles i 1988, gjekk inn i æreshallen att i 2015 for solokarrieren sin.[1] Den 12. juni 1965 vart han i lag med dei tre andre Beatles-medlemmene tildelt den britiske imperieordenen.

Diskografi

  • Sentimental Journey (1970)
  • Beaucoups of Blues (1970)
  • Ringo (1973)
  • Goodnight Vienna (1974)
  • Ringo's Rotogravure (1976)
  • Ringo the 4th (1977)
  • Bad Boy (1978)
  • Stop and Smell the Roses (1981)
  • Old Wave (1983)
  • Time Takes Time (1992)
  • Vertical Man (1998)
  • I Wanna Be Santa Claus (1999)
  • Ringo Rama (2003)
  • Choose Love (2005)
  • Liverpool 8 (2008)
  • Y Not (2010)
  • Ringo 2012 (2012)
  • Postcards from Paradise (2015)
Other Languages
svenska: Ringo Starr
العربية: رينغو ستار
asturianu: Ringo Starr
Aymar aru: Ringo Starr
azərbaycanca: Rinqo Star
تۆرکجه: رینقو استار
Bân-lâm-gú: Ringo Starr
беларуская: Рынга Стар
беларуская (тарашкевіца)‎: Рынга Стар
Bislama: Ringo Starr
български: Ринго Стар
bosanski: Ringo Starr
català: Ringo Starr
čeština: Ringo Starr
Cymraeg: Ringo Starr
Deutsch: Ringo Starr
Ελληνικά: Ρίνγκο Σταρ
English: Ringo Starr
español: Ringo Starr
Esperanto: Ringo Starr
euskara: Ringo Starr
føroyskt: Ringo Starr
français: Ringo Starr
Gaeilge: Ringo Starr
Gàidhlig: Ringo Starr
galego: Ringo Starr
한국어: 링고 스타
հայերեն: Ռինգո Սթար
hrvatski: Ringo Starr
Bahasa Indonesia: Ringo Starr
isiZulu: Ringo Starr
íslenska: Ringo Starr
italiano: Ringo Starr
Kapampangan: Ringo Starr
ქართული: რინგო სტარი
қазақша: Ринго Старр
Kiswahili: Ringo Starr
latviešu: Ringo Stārs
Lëtzebuergesch: Ringo Starr
lietuvių: Ringo Starr
magyar: Ringo Starr
македонски: Ринго Стар
مازِرونی: رینگو استار
монгол: Ринго Старр
Nāhuatl: Ringo Starr
Nederlands: Ringo Starr
нохчийн: Ринго Старр
occitan: Ringo Starr
Piemontèis: Ringo Starr
polski: Ringo Starr
português: Ringo Starr
română: Ringo Starr
русский: Ринго Старр
sicilianu: Ringo Starr
Simple English: Ringo Starr
slovenčina: Ringo Starr
slovenščina: Ringo Starr
српски / srpski: Ринго Стар
srpskohrvatski / српскохрватски: Ringo Starr
Tagalog: Ringo Starr
Türkçe: Ringo Starr
українська: Рінго Старр
Tiếng Việt: Ringo Starr
Winaray: Ringo Starr
ייִדיש: רינגא סטאר
粵語: 靈高史達