Riksmål

Nobelprisvinnaren Bjørnstjerne Bjørnson innførde namnet riksmål i Noreg og grunnla Riksmålsforbundet.

Riksmål er eit eldre namn på bokmål som vart innført av Bjørnstjerne Bjørnson i 1899 og nytta fram til namneskiftet i 1929. Seinare har riksmål vorte ei eiga målform skild frå bokmålet, og i dag viser riksmål til ei privat rettskriving, normert av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og fremja av Riksmålsforbundet.

Ordsoge

«Riksmål» er eit omgrep innlånt frå dansk, der ordet vart bruka som omgrep for skriftspråket og det dialektfrie standardtalemålet frå slutten av 1800-talet. Opphavleg er riksmål altså eit generelt omgrep for den offisielle målforma i eit land og/eller eit språk som blir bruka som norm over alt i landet. Synonym til riksmål i denne tydinga inkluderer «bokmål» (som før 1929 kunne brukast om både «riksmål» og «landsmål», båe i motsetnad til norske dialektar), «riksspråk», «offisielt språk» og «standardspråk». Bruken av «riksmål» som eit generelt omgrep for riksspråk er forelda på norsk.[1]

Other Languages
norsk: Riksmål
dansk: Riksmål
العربية: ريكسمول
Deutsch: Riksmål
English: Riksmål
español: Riksmål
hrvatski: Riksmål
Nederlands: Riksmål
polski: Riksmål
română: Riksmål