Rif Dimashq guvernement

Rif Dimashq guvernement
مُحافظة ريف دمشق
guvernement
LandFlag of Syria.svg Syria
Manatiq (Distrikt)10
Koordinatar
Areal18 032 km²
Folketal2 836 000
TidssoneEET
ISO 3166-2 kodeSY-RD-
Språkarabisk
Kart over Syria med Rif-dimashq avmerkt
Kart over Syria med Rif-dimashq avmerkt
Wikimedia Commons: Rif-Dimashq Governorate

Rif Dimashq guvernement (arabisk محافظة ريف دمشق, Muḥāfaẓat Rīf Dimashq, tyder «Guvernementet ved landsbygda kring Damaskus») er eit av 14 guvernement i Syria. Det ligg sørvest i landet og grensar til guvernementa Quneitra, Daraa og al-Suwayda (utgjer den historiske regionen Hauran) i sørvest, Homs i nord, Libanon i vest og Jordan i sør.

Guvernementet omringar heilt byguvernementet Damaskus, som er er det administrative senteret i Rif Dimashq. Det har eit areal på 18 032 km² og ein folkesetnad på 2 273,074 (2004).[1]

Distrikt

Guvernementet er delt inn i distrikt (manatiq):

Distrikt i Rif Dimashq guvernement
Distrikt Folketal

(2004)

Markaz Rif Dimashq 837 804
Douma 433 719
Al-Qutayfah 119 283
Al-Tall 115 937
Yabrud 48 370
Al-Nabk 80 001
Zabadani 105 342
Qatana 207 245
Darayya 260 961
Qudsaya 64 412
Totalt i guvernementet 2 273,074

Desse er vidare delt inn i 36 underdistrikt (nawahi).

Other Languages
svenska: Rif Dimashq
български: Риф Дамаск
Ελληνικά: Ριφ Ντιμάσκ
Հայերեն: Ռիֆ Դիմաշկ
Bahasa Indonesia: Kegubernuran Rif Dimashq
עברית: ריף דמשק
مازِرونی: ریف دمشق
Nederlands: Rif Dimashq
српски / srpski: Дамаск (покрајина)
Türkçe: Rif Şam
українська: Дамаск (провінція)
Tiếng Việt: Rif Dimashq