Riding

Riding på hest i Los Cerros i Estancia Dos Lunas i Argentina.
Kamel med tradisjonell beduinsal og styretau.

Riding eller å ri viser til å ta seg fram sitjande oppå eit dyr. Riding på hest er i dag utbreidd i heile verda, men ei rekkje andre dyr kan også brukast som ridedyr, til dømes esel og muldyr, lama, kamel, jak og elefant. Å ri kan vera ein passande måte å ta seg fram på, ein idrett, ein fritidssyssel eller mest underhaldning.

Ein rir gjerne ved å sitja skrevs over ryggen eller nakken til ridedyret. For å sitja betre kan ein bruka sal og stigbøylar. Ved nokre høve kan ein sitja med føtene samla på eit sete eller ned eine sida av dyret, som på ein damesal. Dyret kan styrast gjennom signal, seletøy, ved at det blir leia av gåande menneske eller ved at det følgjer andre dyr.

Other Languages