Richard Burns

Richard Burns ( 17. januar  197125. november  2005) var ein britisk rallyførar. Han vart verdsmeister i 2001.

Alt det første året han køyrde i det britiske rallymeisterskapet, 1993, vann han fire sigrar og vart den yngste britiske meisteren i rally. I 1994 debuterte han i VM-sirkuset.

Burns fekk fabrikksete for Mitsubishi i 1998 og vann sin første VM-siger i Rally Sardinia same året. Dessutan vann han og Rally Storbritannia det året. I 2001 vart han den første engelske verdsmeisteren i rally, medan han køyrte for Subaru.

Richard Burns måtte gje seg i VM-sirkuset etter 2003-sesongen, etter at det vart oppdaga at han hadde svulst på hjernen. Han gjekk gjennom ein vellykka operasjon og hadde håp om å kome attende i ein rallybil. Den 25. november 2005 måtte han derimot gje tapt for sjukdommen, på dagen fire år etter at han vann VM-tittelen.

WRC-sigrar

 #  Rally Sesong Kartlesar Køyretøy
1 Flagget til Kenya 46. Safari Rally Kenya 1998 Robert Reid Mitsubishi Carisma GT Evo 4
2 Det britiske flagget 54. Network Q Rally of Great Britain 1998 Robert Reid Mitsubishi Carisma GT Evo 4
3 Flagget til Hellas 46. Acropolis Rally of Greece 1999 Robert Reid Subaru Impreza WRC
4 Flagget til Australia 12. Telstra Rally Australia 1999 Robert Reid Subaru Impreza WRC
5 Det britiske flagget 55. Network Q Rally of Great Britain 1999 Robert Reid Subaru Impreza WRC
6 Flagget til Kenya 48. Sameer Safari Rally Kenya 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
7 Flagget til Portugal 33. TAP Rallye de Portugal 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
8 Flagget til Argentina 20. Rally Argentina 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
9 Det britiske flagget 56. Network Q Rally of Great Britain 2000 Robert Reid Subaru Impreza WRC
10 Flagget til New Zealand 31. Propecia Rally New Zealand 2001 Robert Reid Subaru Impreza WRC
Other Languages
svenska: Richard Burns
български: Ричард Бърнс
català: Richard Burns
čeština: Richard Burns
Deutsch: Richard Burns
English: Richard Burns
español: Richard Burns
français: Richard Burns
한국어: 리처드 번스
hrvatski: Richard Burns
Bahasa Indonesia: Richard Burns
italiano: Richard Burns
latviešu: Ričards Bērnss
lietuvių: Richard Burns
Nederlands: Richard Burns
português: Richard Burns
русский: Бёрнс, Ричард
українська: Річард Бернс