Rettkvalfamilien

Rettkvalfamilien
Eubalaena glacialis with calf.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Eutheria
Orden: Kvalar Cetacea
Underorden: Bardekvalar Mysticeti
Familie: Rettkvalfamilien Balaenidae
Gray, 1821

Rettkvalfamilien er ein familie bardekvalar. Dei saknar bukfòrer og har eit relativt stort hovud, opptil ein tredjedel av totallengda. Sprutehòla står langt frå kvarandre og dannar ein V-forma blåst.

Familien har dei to slektene Balaena og Eubalaena med dei fire artane grønlandskval (Balaena mysticetus), nordkaper (Eubalaena glacialis), sørleg rettkval (Eubalaena australis) og stillehavskaper (Eubalaena japonica). [1]

Grønlandskvalen, nordkaperen og den sørlege rettkvalen er store og plumpe kvalar. Dei vart mykje veida på grunna spekket, olja og bardane. Rettkvalane har eit tjukt spekklag og er lettare enn sjøvatn. Drepne dyr flyt difor, og dette gjorde det mogeleg å driva veiding med handharpunar. Rettkvalane er i tillegg langsame kvalar som går høvesvist nært land. Til saman gjorde dette rettkvalane til verdifulle byttedyr, og namnet rettkvalar kjem av at desse kvalane vart rekna for å vera «dei rette» å veida på.

  • kjelder

Kjelder

  1. Churchill, Morgan; Berta, Annalisa; Deméré, Thomas (2012). «The systematics of right whales (Mysticeti: Balaenidae)». Marine Mammal Science 28 (3): 497. 10.1111/j.1748-7692.2011.00504.x. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .
Other Languages
norsk: Retthvaler
svenska: Rätvalar
dansk: Rethvaler
العربية: حوت البالين
azərbaycanca: Əsl balinalar
български: Гладки китове
brezhoneg: Balaenidae
català: Balènid
Cebuano: Balaenidae
Deutsch: Glattwale
English: Balaenidae
español: Balaenidae
euskara: Balaenidae
فارسی: نهنگ شکار
français: Balaenidae
galego: Balénidos
한국어: 참고래과
Հայերեն: Հարթ կետեր
hrvatski: Glatki kitovi
interlingua: Balaenidae
italiano: Balaenidae
עברית: בלניים
қазақша: Тегіс киттер
Latina: Balaenidae
Nederlands: Echte walvissen
occitan: Balaenidae
polski: Walowate
português: Baleia-franca
русский: Гладкие киты
slovenčina: Veľrybovité
srpskohrvatski / српскохрватски: Glatki kitovi
suomi: Silovalaat
українська: Китові
Tiếng Việt: Balaenidae
Winaray: Balaenidae
中文: 露脊鲸科