Provinsen Bergamo

Provinsen Bergamo
NasjonFlag of Italy.svg Italia
RegionLombardia
HovudstadBergamo
Areal2 723 km²
Folketal (2010)1 098 740
Folketettleik404/km²
Kommunar244
BilnummerBG
Postnummer24000-24100
Retningsnummer (tlf)035, 0345, 0346, 0363,
PresidentValerio Bettoni
Bergamo posizione.png
Plasseringa til Bergamo i Italia


Provinsen Bergamo (italiensk Provincia di Bergamo) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Bergamo. Han har eit areal på 2 723 km² og totalt 1 098 740 innbyggjarar (2010). Det er 244 kommunar i provinsen.

Han grensar til provinsen Sondrio i nord, provinsen Brescia i aust, provinsen Cremona i sør og provinsane Milano, Monza e Brianza og Lecco i vest. I nord ligg Dei bergamaskiske Alpane der det høgaste punktet er Pizzo Coca på 3 052 meter over havet. Av dalar finn ein Seriana og Brembana. Dei sørlege områda består stort sett av sletter.

Av elvar finn ein Serio, Brembo og Adda i sørvest. I aust dannar Iseosjøen, som Oglio renn gjennom, ein del av grensa. Det er finne mineralar i området rundt Trescore og San Pellegrino (kjelda til mineralvatnet med same namn) og andre stader.

Dei største kommunane var i 2005:

KommuneInnbyggjarar
Bergamo120 694
Treviglio29 034
Seriate24 297
Dalmine23 266
Romano di Lombardia19 049
Albino18 186
Caravaggio16 228
Alzano Lombardo13 757
Stezzano12 867
Osio Sotto11 890
Nembro11 636
Ponte San Pietro11 543
Cologno al Serio10 759
Treviolo10 297
Martinengo10 121
Castelli Calepio10 016

Bakgrunnsstoff

Other Languages
Bân-lâm-gú: Bergamo Séng
Boarisch: Provinz Bergamo
brezhoneg: Proviñs Bergamo
Esperanto: Provinco Bergamo
한국어: 베르가모 현
Bahasa Indonesia: Provinsi Bergamo
interlingua: Provincia Bergamo
Basa Jawa: Provinsi Bergamo
latviešu: Bergamo province
Bahasa Melayu: Wilayah Bergamo
日本語: ベルガモ県
oʻzbekcha/ўзбекча: Bergamo (provinsiya)
پنجابی: ضلع برگامو
Simple English: Province of Bergamo
slovenčina: Bergamo (provincia)
slovenščina: Bergamo (pokrajina)
српски / srpski: Бергамо (округ)
srpskohrvatski / српскохрватски: Bergamo (provincija)
Tagalog: Bergamo
Türkçe: Bergamo ili
Tiếng Việt: Bergamo (tỉnh)
中文: 貝加莫省