Pollen

Mjølberarar med pollenkorn hjå ein amaryllis.
Fargelagt elektronmikroskopbilde av pollenkorn frå fleire ulike plantar: solsikke (Helianthus annuus), Ipomoea purpurea, Sidalcea malviflora, Lilium auratum, Oenothera fruticosa og oljeplante (Ricinus communis).
Ei skål songhwagaru, furupollen brukt til mat i Korea.

Pollen (blomsterstøv) er dei hannlege sporane (mikrosporar) til frøplantar.[1] Pollen er ein umogen hannleg gametofytt.[1] Pollenkorna inneheld mikrogametofytten til planten som vil levera dei hannlege kjønnscellene når pollenkornet spirer på arret.

Dei fleste pollenkorn er mellom 0,1 og 0,01 mm store.[1] Pollenveggen har porer, spaltar og folder ordna i geometriske mønster som er karakteristiske innanfor visse familiar og slekter, det same gjeld for oppbygning og ornamentering.[1]

Utvikling

Pollen blir danna i pollensekkane av pollenmorceller (mikrosporocyttar) som deler seg ved reduksjonsdeling ( meiose I og II).[1] Kvar mikrosporemorcelle dannar ein tetrade med fire mikrosporar. Mikrosporane deler seg (mitose) og dannar pollen som inneheld ei generativ celle[1] og éi (hjå dekkfrøplantar) eller fleire (hjå andre frøplantar) vegetative tubeceller omgjevne av ein tjukk ornamentert vegg ( eksine). Veggen verner pollencella mot uttørking. Han er laga av sporopollenin, eit av dei mest motstandsdyktige stoffa som finst i naturen.[1]

Når pollenet spirer på arret blir det ein mogen gametofytt. Den vegetative cella veks ut som ein pollenslange nedover griffelen og til frøemnet. Ved kontakt med frøemnet vil dei to sædcellene gjennomføra den doble befruktinga som er unik for dekkfrøplantar: ei sædcelle går saman med eggcella og dannar ein zygote som gjev opphav til kimen til det komande frøet, medan den andre sædcella går saman med dei diploide eller dikaryote endosperm-kjernene og dannar triploid endosperm eller frøkvite i kimsekken.[2]

Other Languages
norsk: Pollen
svenska: Pollen
dansk: Pollen
Afrikaans: Stuifmeel
العربية: حبوب اللقاح
asturianu: Polen
azərbaycanca: Çiçək tozu
башҡортса: Һеркә
беларуская: Пылок
български: Цветен прашец
bosanski: Polen
català: Pol·len
Чӑвашла: Шăрка
čeština: Pyl
Cymraeg: Paill
Deutsch: Pollen
eesti: Õietolm
Ελληνικά: Γύρη
English: Pollen
español: Polen
Esperanto: Poleno
euskara: Polen
فارسی: گرده
français: Pollen
Gaeilge: Pailin
Gàidhlig: Poilean
galego: Pole
한국어: 꽃가루
Հայերեն: Ծաղկափոշի
हिन्दी: पराग
hrvatski: Cvjetni pelud
Ido: Poleno
Bahasa Indonesia: Serbuk sari
interlingua: Polline
íslenska: Frjóduft
italiano: Polline
қазақша: Тозаң
Kiswahili: Mbelewele
Latina: Pollen
latviešu: Putekšņi
lietuvių: Žiedadulkė
magyar: Virágpor
македонски: Полен
മലയാളം: പരാഗം
Bahasa Melayu: Debunga
Nederlands: Stuifmeel
日本語: 花粉
occitan: Pollèn
oʻzbekcha/ўзбекча: Chang donachalari
پنجابی: پراگ (پھل)
Plattdüütsch: Pollen
polski: Pyłek
português: Pólen
română: Polen
Runa Simi: Sisa
русский: Пыльца
Scots: Pollen
sicilianu: Pòllini
Simple English: Pollen
slovenčina: Včelí peľ
slovenščina: Cvetni prah
српски / srpski: Полен
srpskohrvatski / српскохрватски: Pelud
suomi: Siitepöly
தமிழ்: மகரந்தம்
తెలుగు: పుప్పొడి
Türkçe: Polen
Türkmençe: Tozgajyk
українська: Пилок
Tiếng Việt: Phấn hoa
中文: 花粉