Plattbil

Volvo F88 plattbil.

Plattbil er ein lastebil med open platt. Platt utan karmar vert nytta for transport av last som er breiare enn platten. Det er da viktig at lasten vert godt sikra. Det vanlegaste er at platten har nedfellbare karmar og luke bak. Platten kan vera med eller utan tipp. Den siste typen vert òg kalla tippbil.

Typiske oppgåver er transport av ulike typar stykkgods, sand og grus, byggenaterialar, og liknande. Plattbilar er svært fleksible og vert i nokon grad nytta til transport av tømmer, pukk, korn og anna last som normalt vert transportert med spesialbilar. Når dei vert nytta for bulklast, som til dømes korn, krevst det høge karmar med presenning over.

Mange plattbilar er utstyrte med hydraulisk kran, slik at ein ikkje er avhengig av gaffeltruck, hjullastar eller separat kran for lasting og lossing. Krana kan vera plasser mellom førarhuset og platten, eller bak platten. Den siste plasseringa har den føremonen at krana kan nyttast både for bil og hengar. Bakmonterte kraner er ofte utstyrte med snøggkoppling, slik at dei kan demonterast når dei ikkje er i bruk, slik at nyttelasta aukar.

Plattbilar er den eldste typen lastebil og i Noreg gjekk dei tidlegare ofte som leievogn.

  • galleri

Galleri

Other Languages
dansk: Fladvogn
čeština: Valník
English: Pickup truck
español: Camioneta
Nederlands: Semi-dieplader
português: Camionete
Simple English: Flatbed truck
slovenčina: Valník