Plasmid

Illustrasjon av ein bakterie med kromosom og plasmid

Plasmid er sjølvstendige DNA-molekyl som økslar seg i seller, og som stort sett er sirkulære.[1] Dei finst i hovudsak i prokaryotar, men òg i nokre få eukaryotar.[2] Plasmid inneheld nokre få gen, og eit særs kjent døme på slike gen er resistensgen mot antibiotika. Utanom bakteriofagar og kosmid vert plasmid nytta som som transportørar (vektorar) i genteknologi til å innføra gen i seller. Eit framand gen kan spleisast inn i det ringforma plasmidet, som deretter bringar genet inn til dømes ei bakterieselle, der genet kan verka.

Plasmid kan tilføra bakteriar nye eigenskapar. Dei kan framkalla fertilitet hjå vertsbakterien, som vil seia at han har evna til å overføra gena sine til andre bakteriar (F-faktorar). Dei kan òg overføra resistens mot eitt eller flere antibiotikum (R-faktorar). Dessutan kan dei få bakterien til å laga bakteriedrepande stoff.

Plasmida er som regel mindre enn kromosoma dei finst i lag med, men til dømes i slekta Borrelia finst plasmid med sekvenslengd på kring 20% av kromosomet (200 kb mot 950 kb). Fylogenien til plasmid syner stort sett at dei utviklar seg uavhengig av bakteriar, og at dei soleis kan verka som parasittiske element.[1]

  • kjelder

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Thomas, Christopher M; Summers, David (2008). «Bacterial Plasmids». eLS. ISBN 0470016175. 10.1002/9780470015902.a0000468.pub2. Henta 9. november 2016. 
  2. Novick, Richard P (2002-01-22). «Plasmids». eLS. 10.1038/npg.els.0001490. Henta 9. november 2016. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .
Other Languages
norsk: Plasmid
svenska: Plasmid
dansk: Plasmid
العربية: بلازميد
asturianu: Plásmidu
azərbaycanca: Plazmid
বাংলা: প্লাসমিড
български: Плазмид
bosanski: Plazmid
català: Plasmidi
čeština: Plazmid
Deutsch: Plasmid
eesti: Plasmiid
Ελληνικά: Πλασμίδιο
English: Plasmid
español: Plásmido
Esperanto: Plasmido
euskara: Plasmido
فارسی: پلاسمید
français: Plasmide
galego: Plásmido
한국어: 플라스미드
հայերեն: Պլազմիդ
हिन्दी: प्लास्मिड
hrvatski: Plazmid
Bahasa Indonesia: Plasmid
italiano: Plasmide
עברית: פלסמיד
Basa Jawa: Plasmid
ქართული: პლაზმიდები
қазақша: Плазмидтер
Кыргызча: Плазмидалар
magyar: Plazmid
македонски: Плазмид
Bahasa Melayu: Plasmid
Nederlands: Plasmide
日本語: プラスミド
occitan: Plasmidi
polski: Plazmid
português: Plasmídeo
română: Plasmidă
русский: Плазмиды
Scots: Plasmid
Simple English: Plasmid
slovenčina: Plazmid
slovenščina: Plazmid
کوردی: پلازمید
српски / srpski: Плазмид
srpskohrvatski / српскохрватски: Plazmid
suomi: Plasmidi
தமிழ்: கணிமி
Türkçe: Plazmid
українська: Плазміда
Tiếng Việt: Plasmid
West-Vlams: Plasmide
中文: 质粒