Pierre Nkurunziza

Pierre Nkurunziza i Østfoldhallen i Fredrikstad 10. juni 2006. Mal:Foto: Marit Nygård

Pierre Nkurunziza (fødd  18. desember  1963) er president i Burundi og sit i styret i Conseil National Pour la Défense de la Démocratie–Forces pour la Défense de la Démocratie (CNDD-FDD). Han blei fødd i den burundiske hovudstaden Bujumbura. Han studerte ved universitetet i Burundi og i 1990 blei han ferdig med studia sine.

Nkurunziza var forelesar ved universitetet i Burundi da borgarkrigen i Burundi braut ut som følgje av drapet på Burundis første hutu-president Melchior Ndadaye i 1993. Han blei med i CNDD-FDD i 1995. Der steig han raskt i gradene og blei vise-generalsekretær i 1998.

Før valet i 2005 blei Nkurunziza nominert som CNDD-FDDs presidentkandidat. Han blei valt til president av parlamentet 19. august og overtok vervet som president 24. august.

Other Languages
беларуская: П’ер Нкурунзіза
беларуская (тарашкевіца)‎: П’ер Нкурунзіза
български: Пиер Нкурунзиза
Bahasa Indonesia: Pierre Nkurunziza
Kinyarwanda: Petero Nkurunziza
Bahasa Melayu: Pierre Nkurunziza
Nederlands: Pierre Nkurunziza
português: Pierre Nkurunziza
Simple English: Pierre Nkurunziza
српски / srpski: Пјер Нкурунзиза
українська: П'єр Нкурунзіза
Tiếng Việt: Pierre Nkurunziza