Pentapolis

Pentapolis ved den italienske kysten av Adriaterhavet og en del av eksarkatet Ravenna, en administrativ enhet av Det bysantinske rike. Rødt: pentapolis; Oransje: andre byer.

Pentapolis (frå gresk πέντε (pente), «fem», og πόλις (polis), «by(-stat)») er ei geografisk og/eller institusjonell gruppering av fem byar. I antikken ville slike grupperingar truleg koma til av politiske, kommersielle og militære årsaker, noko som skjedde senere med dei engelske Cinque Ports (fem hamnar).

Historiske døme

  • I det heilage landet viste nemninga i Septuagintas Visdomsbøker, x, 6, til regionen der det var fem byar: Sodoma, Gomorra Soar (Segor, Zoara/Zoar eller Bela) [1] Adma og Sebojim. [2] Desse sameinte seg for å stå imot ein invasjon frå Kedor-Laomer, kongen av Elam. [3] Fire av dei blei kort tid etter fullstendig øydelagde. [4]
  • I Italia var det:
  • Filistinske pentapolis i Midtausten: Ashkelon, Ashdod, Ekron, Gat og Gaza
  • Doriske pentapolis: Kos, på øya av same namn i Egearhavet; Knidos i Karia, Lindos, Ialysos og Kamiros, dei tre sistnemnde på øya Rodos. Om ein tek med Halikarnassos, også i Karia, blir det rekna som eit hexapolis, eit samband av seks byar.
  • Pontiske pentapolis: Apollonia, Callatis, Mesembria, Odessos og Tomis, alle i Euxeinos Pontos (kysten av Svartehavet).
  • Vestlege pentapolis: De fem greske koloniene som kom til å bli i den romerske provinsen Libya Superior, den vestlige delen av Kyrenaika (i dag Libya) inntil Diokletians reform i 296. Den viktigaste byen var Kyrene, og byhamna Apollonia, Ptolemais (den neste hovudstaden etter at Kyrene blei øydelagd av eit jordskjelv), Barca (den seinare arabiske provinshovudstaden Barka), Berenice (dagens Benghazi); også kjend som Pentapolis inferior (Nedre Pentapolis). Dette er den pentapolisen som er referert til i den offisielle tittelen til den østortodokse patriarken av Alexandria og paven av den koptisk-ortodokse kyrkja.
  • Cinque Ports i England – dei fem hamnebyane er Hastings, New Romney, Hythe, Dover, og Sandwich.
Other Languages
norsk: Pentapolis
svenska: Pentapolis
English: Pentapolis
español: Pentápolis
galego: Pentápole
Bahasa Indonesia: Pentapolis
Nederlands: Pentapolis
polski: Pentapolis
русский: Пентаполь
slovenščina: Pentapolis
Türkçe: Pentapolis
中文: 五城