Palmyra-atollen

Nordstranda på Palmyra-atollen.

Palmyra-atollen er ein atoll på 12 km² i Nord- Stillehavet som er underlagt USA. Dei siste tiåra har ulike forskarar, naturvernarar og andre arbeidsfolk opphalde seg her, toppen 20 personar. Dei fleste av øyane i atollen er samanhengjande, men nokre er også frittliggjande. Den største øya er Cooper Island.

Historie

Palmyra vart oppdaga fyrste gongen i 1758 av kaptein Edmund Fanning, som var på veg frå USA til Asia. Atollen fekk namnet Palmyra i 1802 då «USS Palmyra» leid skipbrot på revet. I 1859 la USA under seg øyane i håp om å finna guano som kunne brukast til gjødsel i jordbruket. Då ein ikkje fann noko, vart atollen gjevne til kongeriket Hawaii i 1862. Palmyra skifte eigar mange gonger fram til 1900, då det vart ein del av provinsen Hawaii underlagt USA.

Ei flystripe vart bygt på Palmyra av den amerikanske marinen i 1930-åra, men vart i stor grad øydelagt under andre verdskrigen. I dag finst her ein liten flyplass på Cooper Island, Palmyra (Cooper) Airport. I etterkrigstida har Palmyra-atollen fått større interesse blant naturvernarar, som forskar på El Niño-effekten, global oppvarming, korallrev som forsvinn etc.

Palmyra-atollen er også kjend for ei drapssak frå 1974 som vart kjend i USA som «The Sea Wind Murders».

Other Languages
Afrikaans: Palmyra-atol
azərbaycanca: Palmira rifi
Bân-lâm-gú: Palmyra Khoân-chiau
беларуская: Пальміра (атол)
беларуская (тарашкевіца)‎: Пальміра
български: Палмира (остров)
Boarisch: Palmyra (Atoll)
bosanski: Atol Palmyra
català: Atol Palmyra
čeština: Palmyra (atol)
Ελληνικά: Ατόλλη Παλμύρα
English: Palmyra Atoll
español: Atolón Palmyra
Esperanto: Palmiro
føroyskt: Palmyra Atoll
français: Atoll Palmyra
galego: Atol Palmyra
한국어: 팔미라 환초
hrvatski: Palmyra (atol)
Bahasa Indonesia: Atol Palmyra
íslenska: Palmyraeyja
Basa Jawa: Atol Palmyra
kernowek: Enesik Palmyra
latviešu: Palmiras atols
lietuvių: Palmyros atolas
Limburgs: Palmyra-atol
македонски: Палмирски Атол
მარგალური: პალმირაშ ატოლი
Bahasa Melayu: Atol Palmyra
Nederlands: Palmyra (atol)
português: Atol Palmyra
română: Atolul Palmyra
Simple English: Palmyra Atoll
slovenčina: Atol Palmyra
српски / srpski: Палмира (атол)
srpskohrvatski / српскохрватски: Atol Palmyra
Basa Sunda: Atol Palmyra
Türkçe: Palmyra Atolü
українська: Пальміра (атол)