Out of the Blue av Electric Light Orchestra

Out of the Blue
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Utgjeve3. oktober 1977
InnspeltMai–august 1977, Musicland Studios, München
SjangerSymfonisk rock, progressiv rock, kunstrock
Lengd70:12
SelskapJet (UK)
United Artists (US)
ProdusentJeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
The Light Shines On
(1977)
Out of the BlueThree Light Years
(1978)
Singlar frå Out of the Blue
  1. «Turn to Stone»
    Utgjeve: Oktober 1977
  2. «Mr. Blue Sky»
    Utgjeve: Januar 1978
  3. «Sweet Talkin' Woman»
    Utgjeve: Februar 1978
  4. «Wild West Hero»
    Utgjeve: Mai 1978
  5. «It's Over»
    Utgjeve: Oktober 1978

Out of the Blue er det sjuande studioalbumet av den britiske rockegruppa Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i oktober 1977 som eit dobbeltalbum. Alle songane var skrivne og produserte av Jeff Lynne. Albumet er eit av dei bestseljande i heile historia til gruppa.

Innspeling

Jeff Lynne skreiv heile albumet på tre og ei halv veke etter eit kreativitetsutbrot i ei fjellhytte i dei sveitiske Alpane. Det tok så to månader å spele det inn i München. Side tre av den originale LP-utgåva består av den symfoniske Concerto for a Rainy Day, som består av fire separate songar som i lag dannar ein samanhengande suite. Concerto-suiten var siste gong Lynne arbeidde med symfonisk rock.

Other Languages