Ortodoks kristendom

Ortodoks kristendom er det vanlege samleomgrepet for dei tradisjonelle kristne kyrkjene som følgjer austlege tradisjonar – «austkyrkja» – og soleis har vore åtskilde frå «vestkyrkja» – den romersk-katolske kyrkja og dei protestantiske avleggjarane – i kring tusen år. Dei ortodokse kyrkjene reknar seg òg som katolske, med tydinga universelle.

Det er vanleg å dela ortodoks kristendom i to grupper: a) Den austlege ortodokse kyrkja, der me til dømes finn den russiske og greske, og b) orientalske ortodokse kyrkjer, der somme er i kommunion med den romersk-katolske, og som mellom anna omfattar den koptiske og den syriske kyrkja. Det er gjerne den førstnemnde retninga me meiner når me snakkar om den ortodokse kyrkja.

Ortodoksi er òg bruka som nemning på ei strøyming innan den evangelisk-lutherske kyrkja med sterkt fokus på rett tru og lære. Denne ortodoksien var dominerande på 1600-talet.

Bakgrunn

Den ortodokse kyrkja, sett ifrå eigen ståstad, er Kyrkja som vernar om den opphavlege, apostoliske overleveringa (m.a.o. tradisjonen) frå Kristi tid fram til no. Det vil ikkje seia at kyrkja ikkje har utvikla seg, men at all utvikling skal ha hendt innanfor ramma av overleveringa og i tråd med ho. Den ortodokse kyrkja godtok, godtek enno og skal i prinsippet fylgja vedtektene som vart vedteke under dei 7 økumeniske kyrkjemøta frå før den store splittinga omkring året 1054 e.Kr. Det var då Kyrkja som heilskap vart delt i det som i dag er kjend som austkyrkja (den ortodokse) og vestkyrkja (den katolske, under Roma).

Splittinga har ei meir innvikla historie enn er mogeleg å oppteikna her, men eit nøkkelord her er «styreform». Prinsippet er slik: Dersom noko skulle koma med i kyrkjelovsboka (samling av alle vedtektene frå dei 7 økumeniske kyrkjemøta) måtte det bli godkjend av heile Kyrkja, dermed ordet økumenisk. Sett ifrå aust, gjekk patriarken i Roma sine eigne vegar og tok til å endra på overleveringa og kyrkjelovsboka utan godkjenning av eller rådslåing hjå dei andre patriarkane. Fleire gonger før splittinga vart patriarken av Roma refsa for desse innovasjonane og brott på dei opphavlege kyrkjereglene. Han valte heller å framheva sin eigen rett til dette på grunn av stillinga han si som den fyrste (primus). Men uttrykket var heller «den fyrste mellom likemenn». Den ortodokse lyrkja har ingen pave. Ingen biskop, erkebiskop eller patriark kan endra på regler eller tradisjonar på eiga hand. Dermed er det heller ikkje nokon av dei som er ufeilbarlege. På grunn av administrasjonsforma og konsensusprinsippet i endring av praksis i den ortodokse kyrkja har ho forholdsvis utvikla seg sakte. Dette ser dei fleste ortodokse på som styrkja i den ortodokse kyrkja.

Other Languages
Alemannisch: Orthodoxe Kirchen
aragonés: Ilesia Ortodoxa
asturianu: Ilesia Ortodoxa
Bân-lâm-gú: Tang Chèng-kàu
беларуская (тарашкевіца)‎: Праваслаўная царква
brezhoneg: Iliz Ortodoks
davvisámegiella: Ortodoksalaš girku
emiliàn e rumagnòl: Ceṡa Urtudòsa
한국어: 동방 정교회
Bahasa Indonesia: Gereja Ortodoks
interlingua: Ecclesia Orthodoxe
Basa Jawa: Gréja Ortodoks
Kreyòl ayisyen: Legliz Òtodòks
lumbaart: Ciexa Ortodossa
македонски: Православна црква
مازِرونی: شرقی ارتدوکس
Bahasa Melayu: Gereja Ortodoks Timur
日本語: 正教会
Tok Pisin: Kristen Otodos
português: Igreja Ortodoxa
Runa Simi: Chiqan Iñitsay
sicilianu: Chiesa Ortudossa
Simple English: Eastern Orthodox Church
српски / srpski: Православна црква
srpskohrvatski / српскохрватски: Pravoslavna crkva
吴语: 东正教
粵語: 東正教
中文: 正教會