Orogenese

Den alpine orogenesen

Orogenese (gresk for «fjelldanning») er prosessane som dannar fjell. Ein kan sjå på desse prosessane som både tektoniske, geografiske og kronologiske hendingar sidan dei skapar særskilde strukturar, er knytt til tektonisk aktivitet og påverkar visse område med stein og jordskorpe og skjer innanfor ei tidsramme.

Orogene hendingar skjer berre som følgje av platetektonikk. Problemstillingane som vart undersøkt og løyst under studiet av orogenese medverka stort til teorien bak platetektonikken, saman med studiar av dyre- og planteliv, geografi og midthavsryggar i 1950- og 1960-åra.

Dei fysiske utslaga av orogenese (prosessen til orogenesen) er orogene belter eller orogen. Eit orogen er forskjellig frå fjellkjeder sidan eit orogen nesten kan vere fullstendig erodert bort og berre synleg ved å studere (gamle) berglag som har spor etter orogensen. Orogena er vanlegvis lange, tynne og bogeforma spor av bergartar som har ein tydeleg lineære struktur som har ført til terranar eller blokker av deformert stein, vanlegvis med senka skyveforkastingar mellom. Desse skyveforkastingane består av relativt tynne plater (ofte kalla dekke) og er fråskild tektoniske plater ved stein inn frå kanten av det samantrykte orogenet til kjernen, og er nært knytt til folding og utviklinga av metamorfose.

Den topografiske høgda på orogene fjell er knytt til prinsippet om isostasi, der Newton si gravitasjonslov er balansert mellom fjellkjeda med lett kontinentalskorpe og oppdrifta til den relativt kompakte mantelen.

Erosjon gjer etter kvart sitt til at det meste av fjellet forsvinn og kjernen eller fjellrøtene kjem til syne som metamorfe bergartar frå titalskilometer ned i jordskorpa. Isostatiske rørsler som oppstår for å balansere oppdrifta til det orogenet som utviklar seg kan hjelpe til at kjernen vert pressa oppover mot overflata. Gamle orogene belter endar opp som lange bogeforma striper av krystallinske, metamorfe bergartar under yngre sediment som ligg oppå dei og fell bort frå den orogene kjernen.

Sjå òg

Other Languages
svenska: Orogenes
العربية: تكون الجبال
asturianu: Oroxénesis
azərbaycanca: Tektogenez
Bân-lâm-gú: Chō-san ūn-tōng
български: Орогенеза
català: Orogènesi
čeština: Orogeneze
eesti: Orogenees
Ελληνικά: Ορογένεση
English: Orogeny
español: Orogénesis
Esperanto: Orogenezo
euskara: Orogenia
فارسی: کوه‌زایی
français: Orogenèse
galego: Oroxénese
한국어: 조산 운동
हिन्दी: पर्वतन
hrvatski: Orogen
Bahasa Indonesia: Orogeni
italiano: Orogenesi
עברית: אורוגנזה
ქართული: ოროგენი
қазақша: Орогенез
Kreyòl ayisyen: Owojenèz
Кыргызча: Ороген
lietuvių: Kalnodara
Limburgs: Orogenese
Nederlands: Gebergtevorming
日本語: 造山運動
occitan: Orogenèsi
oʻzbekcha/ўзбекча: Orogenez
polski: Orogeneza
português: Orogénese
română: Orogeneză
русский: Тектогенез
Scots: Orogeny
Simple English: Orogeny
slovenčina: Orogenéza
slovenščina: Orogeneza
српски / srpski: Орогенеза
srpskohrvatski / српскохрватски: Orogeneza
suomi: Orogenia
Türkçe: Orojenez
українська: Орогенез
Tiếng Việt: Kiến tạo sơn
中文: 造山運動