Opera buffa

Opera buffa (komisk opera, musikalsk komedie) er ei operaform som oppstod i Napoli og Venezia. Tidleg på 1700-talet vart det av og til lagt inn korte einakters mellomspel kalla intermezzo som komiske avbrot i opera seria. La serva padrona av Giovatni Battista Pergolesi (1710–1736) er eit intermezzo som framleis vert jamleg framført, og er eit godt døme på stilen. Etterkvart vart det skrive heile komiske operaer.

I motsetnad til intermezzoet såg dei aristokratiske krinsane til å byrje med opera buffa for å vere ein sjanger for dei lågare klassane. Buffaen tok for seg folkelege og komiske tema med røter i Commedia dell’arte og ein og annan parodi på opera seria. Typisk for sjangeren er rivalisering mellom ulike sosiale lag der det lågaste sosiale laget tilslutt sigrar. Svakheiter som griskleik, gjerrigheit, lyst og stoltheit vert karikert for å formidle eit moralsk bodskap. Karakteristisk for buffostilen er secco-resitativet, parlando, korte gjentekne melodifrasar og samling av heile ensemblet mot slutten. Ved sidan av det talenære secco-resitativet spelte songbare melodiar ein stor rolle. Musikken støtta òg i sterkare grad enn før opp under handlingane til songaren.

Teatro dei Fiorentini var det første offentlege teateret der napolitanske operaer vart oppført. Eit særs tidleg døme på den komiske operaen i Napoli er La Cilla (uroppført 1706) av advokaten Michelangelo Faggioli som tileigna verket til den napolitanske justisministeren. Frå Napoli spreidde opera buffa seg til Roma som i 1730-åra vart eit sentrum for sjangeren.

Opera buffa vart raskt mindre viktig under romantikken på 1800-talet.

Opera buffa-komponistar

Other Languages
svenska: Opera buffa
asturianu: Ópera buffa
беларуская: Опера-буфа
български: Опера-буфа
bosanski: Opera buffa
català: Opera buffa
čeština: Opera buffa
Deutsch: Opera buffa
Ελληνικά: Όπερα Μπούφα
English: Opera buffa
español: Ópera bufa
euskara: Opera bufo
فارسی: اپرا بوفا
français: Opera buffa
한국어: 오페라 부파
hrvatski: Komična opera
Bahasa Indonesia: Opera Buffa
italiano: Opera buffa
ქართული: ოპერა-ბუფა
Кыргызча: Опера-буффа
Latina: Opera buffa
magyar: Opera buffa
Bahasa Melayu: Opera buffa
Nederlands: Opera buffa
нохчийн: Опера-буффа
oʻzbekcha/ўзбекча: Buff opera
polski: Opera buffa
português: Ópera-bufa
русский: Опера-буффа
Simple English: Opera buffa
српски / srpski: Опера буфа
Türkçe: Operakomik
українська: Опера буфа
中文: 喜歌剧