Northland på New Zealand

Northland (Te Tai-tokerau)
region
none  Whangarei Harbour sett frå Manaiatoppen.
Whangarei Harbour sett frå Manaiatoppen.
Land Flag of New Zealand.svg  New Zealand
Areal 13 789  km²
Folketal 175 500 (2017 [1])
Northland in New Zealand.svg
Wikimedia Commons: Northland Region

Northland på New Zealand er ein av dei 16 regionaneNew Zealand, og, som namnet seier, den nordlegaste administrative regionen i landet. Maorinamnet på regionen er Te Tai-tokerau. Regionen ligg heilt nord på Nordøya, og administrasjonssentret ligg i byen Whangarei.

Geografi og demografi

Kart som viser folketettleiken i Northland ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Northland ligg i området som newzealendarar ofte omtalar som Far North (fjerne norden), eller, på grunn av det tempererte klimaet, The Winterless North (vinterlause norden). Det omfattar dei nordlegaste 80 % av den 285 kilometer lange halvøya North Auckland Peninsula, den sørlegaste delen ligg i Regionen Auckland.

Regionen strekkjer seg frå ei innsmaling av halvøya nær byen Wellsford, nordover til enden av North Auckland Peninsula, og dekkjer eit område på 13 940 km², litt over fem prosent av arealet til landet. Han er avgrensa mot vest av Tasmanhavet og mot aust av Stillehavet. For det meste er landskapet kupert. Jordbruk og skogbruk legg beslag på meir enn halvdelen av regionen, og er dei to viktigaste næringsvegane her.

Sjølv om mange av kauriskogane i regionen vart hogde ut på 1800-talet, er det enno att somme område der desse sjeldne kjempetrea får veksa seg høge. Det største treet på New Zealand, Tāne Mahuta, står i skogområdet Waipoua Forest sør for hamna Hokianga Harbour.

Vestkysten er kjenneteikna av fleire langstrakte strender, den mest kjende av desse er den noko unøyaktig namngjevne 88 kilometer lange Ninety Mile Beach, heilt nord i regionen. To store havbukter ligg òg på vestkysten, den store Kaipara Harbour i sør, som Northland deler med Regionen Auckland, og det kronglete innløpet til Hokianga Harbour.

Austkysten er meir oppriven av havbukter og halvøyer. Fleire større naturlege hamner ligg på denne kysten, frå Parengarenga nær nordenden til regionen, nord for den kjende havbukta Bay of Islands og sør til Whangarei Harbour, der det mest folkerike bysenteret i regionen ligg. Langs austkysten ligg òg talrike øyer, mellom desse Cavalli Islands, Hen and Chicken Islands, Aorangaia Island og Poor Knights Islands.

Det nordlegaste punktet til Nordøya ligg nørdst i Northland. Det er fleire punkt som folk mistek for å liggja lengst mot nord i landet: Cape Maria van Diemen, Spirits Bay, Cape Reinga, og North Cape. Det nordlegaste punktet på Nordøya er Surville Cliffs, nær North Cape, men det nordlegaste punktet i landet ligg ennå lenger nord, i øykjeda Kermadec. Cape Reinga og Spirits Bay spelar likevel ei symbolsk rolle som enden på landet. I maorimytologi heiter det at det er herfrå sjelene til dei døde dreg ut på reisa til tilværet etter døden.

Other Languages
norsk: Northland
svenska: Northland
Afrikaans: Northland
Bân-lâm-gú: Northland Tōa-khu
Cebuano: Northland
español: Northland
Esperanto: Nordia Regiono
Gàidhlig: Northland Region
hrvatski: Northland
Bahasa Indonesia: Region Northland
italiano: Northland
македонски: Нортленд
Bahasa Melayu: Wilayah Northland
Nederlands: Northland
română: Northland
srpskohrvatski / српскохрватски: Northland (regija)
suomi: Northland
українська: Нортленд (регіон)
Tiếng Việt: Northland (vùng)
中文: 北地大区