Neogen

Neogen
23.03 - 0 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i periodenca. 21.5 vol %[1]
(108 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i periodenca. 280 ppm[2]
(1 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i periodenca. 14 °C [3]
(0 °C over dagens nivå)
Første isbrear på Antarktis[4]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Neogen er ein geologisk periode som starta for 23,03 ± 0,05 millionar år sidan og som varte anten heilt fram til i dag, eller enda for 2,588 millionar år sidan ved byrjinga av kvartær[6]. Neogen kjem etter paleogen og høyrer til æraen kenozoikum. International Commission on Stratigraphy (ICS) har føreslått at neogen skal bestå av epokane miocen og pliocen.[7]

Uttrykka neogensystem (formelt) og øvre tertiær (uformelt) skildrar bergartar som vart avsett under neogen.

Neogen dekkjer ein periode på om lag 23 millionar år. Under neogen utvikla pattedyr og fuglar seg stort. Dei fleste andre former var relativt uendra. Kontinenta flytta seg noko og den viktigaste hendinga var at Nord-Amerika festa seg til Sør-Amerika i sein pliocen. Dette førte til kaldare klima som førte til den siste istida. Mennesket oppstod i løpet av perioden.

Usemje

Neogen enda tradisjonelt ved slutten av pliocen, like før den eldre definisjonen av starten på kvartær. Enkelte geologar i dag meiner derimot at ein bør inkludere kvartær som ein del av neogen, og at neogen skal vere den noverande perioden som vi framleis er ein del av. Denne forvirrande terminologien og usemja mellom geologane om kvar ein skal setje dei geologiske grensene kjem av den forholdsvis fine tidsoppdelinga som er mogeleg å gjere i nyare tid, og at dei yngste sedimentære berglaga er bevart over eit mykje større område og viser mange fleire miljø enn tidlegare geologiske registreringar.[8] Ved å dele kenozoikum i tre (eller to) periodar (paleogen, neogen og kvartær) i staden for sju epokar, vert lengda på periodane meir lik lengda på periodane i mesozoikum og palezozoikum.

ICS føreslo ein gong at kvartær kunne reknast som ein underæra av neogen, som startar for 2,588 millionar år sidan, ved starten av alderen gelasium. International Union for Quaternary Research (INQUA) føreslo derimot at neogen og pliocen kunne ende for 2,588 millionar år sidan og at gelasium vart ein del av pleistocen og at kvartær vart rekna som den tredje perioden i kenozoikum. Dei viste til klimaendringane, havendringane og dei økologiske endringane som skjedd for 2,588 millionar år sidan.[9] 2006 ICS and INQUA reached a compromise that made Quaternary a subera, subdividing Cenozoic into the old classical Tertiary and Quaternary, a compromise that was rejected by International Union of Geological Sciences because it split both Neogene and Pliocene in two.[10]

Other Languages
norsk: Neogen
svenska: Neogen
dansk: Neogen
Afrikaans: Neogeen
Alemannisch: Neogen
العربية: نيوجين
asturianu: Neoxenu
Bahasa Banjar: Neogen
Bân-lâm-gú: Sin-chiâⁿ-kí
беларуская: Неагенавы перыяд
беларуская (тарашкевіца)‎: Нэаген
български: Неоген
brezhoneg: Neogenel
català: Neogen
čeština: Neogén
Cymraeg: Neogen
Deutsch: Neogen
eesti: Neogeen
English: Neogene
español: Neógeno
Esperanto: Neogeno
euskara: Neogeno
فارسی: نئوژن
français: Néogène
galego: Neoxeno
한국어: 신제3기
Հայերեն: Նեոգեն
Bahasa Indonesia: Neogen
italiano: Neogene
עברית: נאוגן
Кыргызча: Неоген мезгили
Latina: Neogenicum
latviešu: Neogēns
Lëtzebuergesch: Neogen
lietuvių: Neogenas
magyar: Neogén
मराठी: निओजिन
Bahasa Melayu: Neogen
Nederlands: Neogeen
日本語: 新第三紀
occitan: Neogèn
oʻzbekcha/ўзбекча: Neogen sistemasi
پنجابی: نیوجین
Plattdüütsch: Neogen
polski: Neogen
português: Neogeno
română: Neogen
саха тыла: Неоген
Scots: Neogene
Simple English: Neogene
slovenčina: Neogén
slovenščina: Neogen
српски / srpski: Неоген
srpskohrvatski / српскохрватски: Neogen
Tagalog: Neoheno
Türkçe: Neojen
українська: Неогеновий період
Tiếng Việt: Kỷ Tân Cận
粵語: 新近紀
中文: 新近纪